Per Rustberggard kan glede seg over gode julebordtal på Pers Hotell. (Arkivfoto)
Per Rustberggard kan glede seg over gode julebordtal på Pers Hotell. (Arkivfoto)

Fleire vil på julebord

Pers Hotell har det beste førehandssalet på julebord på fem år og har ein auke på mellom 15 og 20 prosent.

Å dra på julebord er for mange ein like fast tradisjon som å ferie julaftan. Hotella i Hallingdal melder om gode tal.

– Det ser veldig bra ut. Me starter med det første julebordet no på laurdag. Totalt reknar me at kring 250 personar kjem til kvart julebord i løpet av dei fem helgane me arrangerer. Det er både lokale og tilreisande gjester, seier Arill Ottersen på Bardøla Høyfjellshotell og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore bra etterspørsel heilt frå me begynte å selje julebord i august.

Hellbillies dreg også folk

På Storefjell kan Hans Nibstad vente mange gjester i desember, mykje hjelpt av ein Hellbillies-konsert.

– Dei dreg vel så mange som julebordet gjer den helga. Me har enno nokre ledige plassar, men når ein reknar at ein har plass til 550 personar på kvart julebord har ein litt å fylle opp, seier Nibstad og legg til at han kan sjå ein auke i gjester frå i fjor.

Jungeltelegrafen

På Pers Hotell har dei hatt ein auke på mellom 15 og 20 prosent på julebordsgjester som kjem for å bu og ete, og ventar kring 4000 gjester i år.

– Det er veldig bra og me har hatt det beste førehandssalet på fem år. Det som er litt komisk er at alle novemberhelgane er smekk fulle, medan dei to helgane i desember framleis har litt ledig kapasitet, seier Per Rustberggard på Pers Hotell, og legg til at dei lokale gjestene blir talt utanom.

– Kvifor aukar trafikken?

– Det har nok å gjere med at me hadde eit bra år i fjor også, og at mange bestiller etter tidlegare gode opplevingar.