Bjøberg, Hemsedalsfjellet, onsdag morgon.
Bjøberg, Hemsedalsfjellet, onsdag morgon.

Fjellovergangane er opne att

Det verste uvêret er over. Det betyr opne fjellovergangar mellom aust og vest.

Onsdag morgon var det det fri ferdsel på alle fjellovergangane i vårt område. Det vil seie Rv7 over Hardangervidda, Rv52 over Hemsedalsfjellet og Fv40 Hol-Aurland.

Sjekk om fjellovergangane er opne her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir rapportert om snø og isdekke på vegane. Yr.no melder om nedbør som dels kjem som regn, dels som snø og sludd.

Mykje av tysdagen var fleire vegar stengde eller kun open for kolonnekøyring.

Men onsdag morgon hadde vinden løya. Medan det dagen før var målt over 20 sekundmeter ved Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet, var det tysdag morgon ein vindstryke på 8 sekundmeter. Det vil seie frisk bris.

På Dyranut, det høgste punktet på Rv7 over Hardangervidda, var det tysdag lett bris og 4 meter i sekundet.