Lensmann Geir Vidme fekk hjelp i teknologien.
Lensmann Geir Vidme fekk hjelp i teknologien.

Fann sakna via app

Ein 50 år gammal oslomann var tysdag sakna i Gulsviktraktene.

Medan kona var på kurs på det nye jakt- og fiskesenteret, skulle mannen gå ein tur med utgangspunkt frå Høgevarde.

Mannen gjekk seg vill, og då kona var ferdig med kurset, slo ho alarm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spora opp

Leitemannskap vart kalla inn, seier lensmann Geir Vidme, men saka løyste seg på ein noko meir teknologisk måte.

Det viste seg at mannen hadde ein iPhone, og på den hadde han ein app som kunne spore opp telefonen i fall han ikkje skulle finne den att. Og kona hadde same app’en på sin telefon. Ho logga seg difor inn, og der kom posisjonen fram.

Kjentfolk

– Det vil seie, fullt så enkelt var det ikkje. Det var nemleg vanskeleg å sjå kvar i terrenget mannen var, og dermed dirigere han i rett retning. Men takka vere kjentfolk fann me etter kvart ut at han var i nærleiken av Ringnes gard i Krødsherad, noko som var langt utanom kursen for turen. Då me kom i kontakt med han, hadde han gått i sju timar, men var i god form, seier lensmann Geir Vidme.