Mykje folk i skiheisane på Geilo i romjula.

Er dette så gale, då? Over 90.000 feira romjul i Hallingdal

Romjulstrafikken var jamt høg i Hallingdal. Det viser både målingar av mobiltelefonar og trafikktal frå Statens vegvesen.

Romjulas høgaste målingar kom 28.-, 29.- og 30. desember. Alle tre dagane vart det målt over 90.000 mobiltelefonar.

Det er høgare enn dei beste målingane i 2018, 2020 og 2021. Det er berre «tidenes høgtid» i 2019 som slår årets feiring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode tal

Beredskapskoordinator i Hol og Ål, Espen Bille-Larsen, har utført målingane sidan 2018. Dei gir ingen fasit, men dei er det nærmaste ein kjem ei god temperaturmåling av trafikken.

Toppnoteringa kom 28. desember med 94.300. I romjula var det fem dagar mellom 82.000 og 94.000 mobiltelefonar.

Kommune for kommune 28. desember

* Hol: 27.000.

* Ål: 12.600.

* Hemsedal: 19.850.

* Gol: 14.150.

* Nesbyen: 13.250.

* Flå: 7450.

Totalt 94.300

Det er langt føre 2021. Det høgaste som vart mål i fjor, var 81.450 30. desember. Årets målingar ligg også langt over 2018. For 2020 finst ingen tal for heile regionen, men då var det registrert i underkant av 30.000 mobiltelefonar i Hol nyttårsaftan.

Det er på nivå med det høgaste i år.

Romjula dag for dag

* 27. desember: 82.250.

* 28. desember: 94.300.

* 29. desember: 90.500.

* 30. desember: 92.600.

* 31. desember: 83.500.

* 1. januar: 75.800.

Les også
Full rulle i bakkane: Var det eit skremmeskot at turistane ville bli heime på grunn av straumprisen?

Umogleg rekord?

Før årets høgtid har det vore mykje merksemd kring stenging av hytter, høge straumprisar og generell prisauke. Mange har frykta at besøket ville gå dramatisk ned som ein følge av særleg høgare straumprisar og generell prisauke.

Men har nedgangen samanlikna med 2019 skjedd på grunn av at fleire har stengt hytta, eller fordi 2019 hadde ei høgtid med fleire inneklemte dagar som la til rette for langfri?

Artikkelen held fram under annonsen.

2019 var «tidenes høgtid» det uansett kan bli vanskeleg å kopiere. Gjennom romjula og over nyttår vart det målt frå 70.000 til 100.000 mobiltelefonar. Toppen vart nådd 28. desember. Då vart det målt heile 103.205 mobiltelefonar i Hallingdal.

I 2019 var nokre forklaringar på den enorme trafikken mange inneklemte dagar som låg gunstig til for avspasering. Og på det sentrale Austlandet var det nesten ikkje snø. I år var det ingen «utteljing» på dei raude dagane med unntak av andre juledag.

Rekordane frå 2019

* 26. desember: 86.600.

* 27. desember: 99.800.

* 28. desember: 103.200.

* 29. desember: 93.600.

* 30. desember: 87.200.

* 31. desember: 95.000.

* 1. januar: 92.700.

Og skal ein samanlikne med 2019 eller 2021? Hallingdølen har prata med næringsdrivande som har ulikt syn på akkurat det.

— Eg ser det er engasjement om dette både i sosiale medium og i avisa, men det er greitt å minne om at dette berre gir eit augeblikksbilete av situasjonen. Det er ikkje millimeterpresisjon i dette, seier Bille-Larsen.

Les også
Innførte avgift for å redusere biltrafikk: – Folk har rett ut kalla det grønvasking

Stor trafikk på Rv7

Eit anna parameter for å måle trafikken, er Statens vegvesens trafikkteljingar. Rett sør for Flå sentrum måler vegvesenet trafikken på Rv7. Og den er ikkje liten.

1. januar vart det registrert 9418 køyretøy. For 2. januar var ikkje tala oppdaterte då Hallingdølen gjekk i trykken.

Til samanlikning vart det etter rekordåret 2019/2020 registrert høvesvis 7963 og 6130 køyretøy på dei store utfartsdagane 1. og 2. januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Sterke inntrykk då Jan Olav leverte aggregat i Ukraina: – Dette vart sett stor pris på
Les også
Kroa totalskadd: – Dette var utruleg trist, ikkje berre for meg
Les også
Råkald desember - no ventar fleire dagar med påfyll av snø