Tre dagar, sju utfordrande oppgåver og eit dataprogram han aldri hadde brukt før. Likevel klarte André Larbi Havaska Anibat (19) å ta 2.-plassen i tunge køyretøy under yrkes-NM i Stavanger i helga. Ein mekanikar på høgt skyhøgt nivå, meiner sjefen Knut Tøftum.

Ein treng ikkje treningstøy for å hamne på pallen: – André er ein utruleg dyktig fyr, langt over det vanlege

Andre Larbi Havaska Anibat deltok i yrkes-NM i bilfag i helga. Det enda med gjæv plassering.

Nesningsguten på 19 er lærling hos Volvo truck center i Nesbyen og er over gjennomsnittet opptatt av bil, motor og mekking. At han fekk delta i NM i bilfag for tunge køyretøy, var vel fortent. Og heim kom han, med sølvmedaljen rundt halsen.

Les også
André (19) starta opp multiservice-firma: – Då eg fekk fleire oppdrag, måtte eg kjøpe meg ein meir påliteleg traktor

Utfordrande, men moro

Han fortel sjølv at det var utfordrande, med mange oppgåver som skulle løysast gjennom tre dagar. Største utfordringa var å hanskast med eit dataprogram som han ikkje hadde vore borti tidlegare. Men denne guten gav ikkje opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me fekk kome og sjå dagen før me skulle starte. Me fekk ikkje vite kva oppgåver me skulle få, men me fekk sjå kva som sto der. Eg brukte tida til å sjå etter kva for utfordringar eg kunne møte, og var førebudd, fortel Havaska Anibat.

André Larbi Havaska Anibat i fullt fokus med sensorar hengande over skuldrene heile vegen, tre dagar i strekk.

Det vart ei spennande oppleving, der han fekk konkurrere mot både gutar og jenter i lærlingmiljøet bilfaget for tunge køyretøy.

– Det var veldig spennande. Me fekk sju oppgåver, og fekk poeng for korleis me utførte oppgåvene.

Havaska Anibat er strålande fornøgd med plasseringa han fekk. Han delte pallen med to andre.

– Han som vann var i ein heilt annan liga. Han hadde 92 av 100 poeng. Eg hadde 85, og kom på 2. plass.

Det sikre bevis. Sølvmedaljen blir stolt synt fram.
Pallplassane gjekk til:

Gull: Andreas Jørgensen, Bertel O. Steen Arendal

Sølv: André Larbi Havaska Anibat, Volvo Truck Center Nesbyen

Bronse: Thea Marie Langbakke, Volmax Rygge

Stolt sjef

Sjefen på Volvo Truck Center Nesbyen, Knut Tøftum, er strålande fornøgd med innsatsen til lærlingen deira.

– Dette var artig å vere med på. Det var eit kjempestort arrangement, med mellom 10.000 og 15.000 menneske som var innom kvar dag. André er ein utruleg dyktig fyr, langt over det vanlege.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå venstre: Servicemarknadssjef for Volvo Truck Center Nesbyen og Drammen, Knut Tøftum, André Larbi Havaska Anibat og sensor frå Volvo, Trym Bjørlo Weierud.

Tøftum fortel at det er ikkje fyrste gong denne lærlingen har utmerka seg, og at det ikkje var utan grunn at det var akkurat han som fekk delta i denne konkurransen.

– Han vant også tittelen Årets lærling. Dette fordi han har utmerka seg mest internt i Volvo. At det var han som vart plukka ut til å vere representant for Buskerud i denne konkurransen, var ikkje utan grunn. Han har måtte jobbe for dette.

– Det var opplæringskontoret som plukka ut ein frå kvart fylke, som skulle få delta i NM i tungbil. André var den som utmerka seg mest her også. For å bli plukka ut til dette, må ein vere god. Det var eit skyhøgt nivå. Og det er ikkje mange som får oppleve å vere med på dette.

Ingen fekk vite korleis deira kandidatar låg an, gjennom dei tre dagane. Dette gjorde det ekstra spennande for både Tøftum og Havaska Anibat.

– Me visste ikkje noko om korleis han låg an med poengscore eller noko. Dette fekk me ikkje vite før på sundag. Men me hadde sett oss ut nokre klare favorittar, som hamna på pallen.

Volvo Truck Center har ikkje vore med i denne konkurransen tidlegare. Han trur at om dei hadde hatt meir erfaring, så hadde kanskje André stått på toppen av pallen.

– Hadde me hatt meir erfaring, så trur eg kanskje at han kunne tatt fyrsteplassen. Han gjorde det heilt utruleg bra. Det er mange som har lagt merke til dette, også dei på litt høgare nivå. Me er utruleg stolte over kva han fekk til.