Dette biletet er frå koronatesting i Ål i fjor.

Ein smitta i Ål - smittekjelda er ukjent

Ein person har fått bekrefta koronasmitte i Ål. Tre personar er sett i karantene.

– Det er førebels usikker smitteveg, men mest truleg er vedkommande smitta utanfor Hallingdal, fortel kommuneoverlege Toril Bøyum.

Den smitta testa seg i Ål måndag. Tysdag kom svaret att positivt. Smittesporarane starta å jobbe, og fekk sett tre nærkontaktar i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nærkontaktar utanfor Hallingdal er under kartlegging, fortel Bøyum.

Sporarane er ikkje ferdig med arbeidet enno. Dei jobbar framleis med å kartlegge nærkontaktar bakover i tid, for å sjå om dei kan greie å identifisere smittekjelda.

Smittetilfellet er det andre på få dagar i Hallingdal. I helga vart ein person bekrefta koronasmitta i Nesbyen. Der vart 11 personar sett i karantene.

Les også
Ein person koronasmitta - 11 er sett i karantene