Kommuneoverlege i Nesbyen Nils Høva under testing i fjor.

Ein person koronasmitta - 11 er sett i karantene

Nesbyen fekk laurdag sitt første tilfelle av koronasmitte på lange tider.

– Det dreier seg om ein innbyggar som vart testa fredag. Svaret fekk me i dag. Smittekjelda kjem frå ein annan plass på det sentrale Austlandet, fortel kommuneoverlege Nils Høva.

Nærkontaktane til den smitta er sett i ordinær karantene. I tillegg har kommunen valt å setje fleire personar i såkalla ventekarantene, sjølv om dette ikkje lenger er eit krav.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me trur det er lurt å halde folk i sosial isolering, seier Høva.

Totalt er 11 personar sett i karantene. Testing av nærkontaktar vil skje på måndag.

– Me føler me har god kontroll no. Det har blitt nokre timar med smittesporing i dag, men me har nøsta opp i det, seier Høva.

Høva fortel at dei som har blitt ringt av smittesporarane laurdag har vore flinke til å gi beskjed om kor dei har vore og kven dei har vore saman med.

– Dei har vore flinke til å følgje smittevernreglane, halde god hygiene og avstand. I tillegg har dei brukt munnbind. Dette gjer jobben vår enklare, seier Høva.

Sjølv om smittetrykket i landet no har blitt lågt, dukkar det stadig opp enkelte utbrot her og der.

– På det sentrale Austlandet ser me at det går føre seg mest smitte i husstandar der folk er på besøk. I tillegg kjem restaurantbesøk ganske høgt, og sosiale samlingar.