Lege Jørn Ingve Tømmerstrand testa potensielle koronasmitta ved Ål legevakt i starten av koronautbrotet.

Ein person koronasmitta etter opphald i utlandet

Nore og Uvdal er no oppe i tre personar som er registrert sjuke av koronaviruset.

Nore og Uvdal kommune melde om det nye tilfellet torsdag formiddag, ved ordførar Jan Gaute Bjerke.

Personen som no er koronasjuk vart smitta etter eit opphald i utlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I samarbeid med helsesjukepleiar har kommuneoverlegen starta smittesporing rundt denne personen, slik rutinen beskriv. Det er liten fare for smitte i befolkninga i denne situasjonen, melder Bjerke. Det er no tre personar som er registrert koronasmitta i Nore og Uvdal.

Les også
792 personar har blitt koronatesta i Hallingdal: - Det har heilt klart roa seg

Dagens tilfelle er det første smittetilfellet som er registrert i Hallingdølens nedslagsfelt på to veker. Dei to siste positive koronaprøvene før denne kom i Gol og i Hol, torsdag i påskeveka.

Her er oversikta over talet på smitta i Hallingdal og Nore og Uvdal under koronautbrotet:

KommuneTal på smitta
Flå1
Nesbyen19
Gol10
Hemsedal7
Ål12
Hol49
Nore og Uvdal 3
Totalt101
Les også
Roger Espeli: – Dette er ille! Det er katastrofe!
Les også
Hotella vegrar seg for å opne