Lege Jørn Ingve Tømmerstrand og sjukepleiar Marianne Fluto testa potensielle koronasmitta i midten av mars.

792 personar har blitt koronatesta i Hallingdal: - Det har heilt klart roa seg

Sidan koronautbrotet starta har ei lang rekke menneske blitt testa for viruset i Hallingdal. Men i det siste har testane blitt færre og færre.

– Me testa tre stykker i førre veke, men det har heilt klart roa seg no, seier kommuneoverlege i Flå, Cecilie Rød Medbøen. Flå er den kommunen med minst smitte i Hallingdal, og har hatt berre eitt tilfelle sidan utbrotet starta. I alt har dei testa 34 personar.

Les også
Hytteforbodet oppheva, men lite trafikk i fjellet

Hemsedal har hatt sju tilfelle av koronasmitte, men har testa 150 personar. Også det blir det meldt om ein klar nedgang i testfrekvens.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er no meir enn tre veker sidan me hadde den førre positive testen, fortel kommuneoverlege Camilla Underland.

– Me fekk svar på seks prøver laurdag, som vart tatt fredag. Alle var negative. Me har ein god testkapasitet, seier ho.

Stille tider

Det første positive tilfellet av koronasmitte i Hallingdal vart meldt 10. mars i Gol. Sidan då har 98 personar blitt bekrefta sjuke. Nokre meir alvorleg enn andre. På det meste har seks personar vore innlagt, og ein person er død. Regionen er hardt råka, og helsetenesta har hatt ein tøff jobb med kartlegging og smittesporing rundt alle dei som har vore sjuke. No er det rolegare tider, og færre testar blir tatt. Enn så lenge.

– Det har vore betydeleg mindre testing dei siste dagane, fortel kommuneoverlege i Hol og Ål, Geir Strømmen. Hol har det desidert høgaste talet på koronatesta personar, i alt er det tatt 325 prøver i kommunen.

Slik ser «koronakartet» ut per 20.4.

Hol og Ål har brukt to ulike laboratorie for analyse under utbrotet, private Fürst i Oslo og det offentlege ved sjukehuset i Drammen. Kapasiteten ved det private har vore langt større enn i Drammen.

– Men no har Vestre Viken lova ei femdobling i kapasiteten ved månadskiftet. Då vil dei gå frå å ta 500 om dagen, til 2500. Det er me heilt avhengig av, seier Strømmen.

Hyppigare testing

For no som samfunnet har begynt å opne litt opp, skal det også bli testa meir. Så langt har det vore ganske strenge reglar på kven som får testa seg, men no er det opna for fleire. Blant anna har Folkehelseinstituttet no sagt at også tilsette, barn eller elever i barnehage, skule eller SFO som er opna, skal kunne bli testa om dei viser luftvegsymptom.

– Me vil generelt vere kjappere med å teste folk med symptom, seier Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Det er enno nokre dagar att til analysekapasiteten ved Vestre Viken blir auka. Den same auken ser ein hjå laboratorie over heile landet. Og det kan bli viktig: No som samfunnet opnar opp att, er det forventa at smittetalet vil gå opp.

– Då må me kunne teste for å finne smitte, seier Strømmen.

Testing av covid-19

Folkehelseinstituttet tilrår at det blir tatt testar av følgande personar (i prioritert rekkefølge):

1. Pasientar med behov for innlegging

2. Pasient/bebuar på sjukeheim eller anna helseinstitusjon

3. Tilsett i helsetenesta med pasientnært arbeid

4. Person over 65 år, eller vaksen, som har alvorleg, underliggande sjukdom

5. Person i karantene på grunn av nærkontakt med eit bekrefta koronatilfelle eller etter reise

6. Tilsett, barn eller elev i gjenopna barnehage, skule eller SFO.

Til no er 792 koronatesta i Hallingdal. 50 har blitt testa i Nore og Uvdal.

KommuneTal på smittaSå mange er testa
Flå134
Nesbyen1960
Gol 10102
Hemsedal7150
Ål12121
Hol49325
Nore og Uvdal250
Les også
Opna kroa etter koronadvale: - Godt å kome i gang att
Les også
Heiar på den organiserte idretten: — Folk må vere kreative
Les også
Trong økonomi og uviss seriestart
Les også
Krisesesong for krisesenteret