Illustrasjonsbilete av koronavaksine.

– Eg er ikkje vaksinemotstandar, men er livredd for kva denne vaksinen kan gjere mot kroppen min

Maria Hovind vil bli ambulansearbeidar. Men ho er redd kroppen ikkje toler koronavaksinen, og utan vaksine får ho ikkje praksis.

Hovind vil heller få covid-19 enn å ta koronavaksine. Årsaka er at ho har ei autoimmun liding som kan bli verre om ho let seg vaksinere. Men at dette skulle stoppe utdanninga hennar, var ho ikkje førebudd på.

– Kva no? Eg anar ikkje korleis eg skal gå vidare. Dette er heilt hinsides og veldig frustrerande. Eg er så utruleg motivert for jobben. Eg veit at det er dette eg vil. Og eg har også teke eit par ekstra kurs på eiga hand for å stille så sterkt eg kan før hospitering, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje noko val

Situasjonen hennar er ikkje unik. Det finst folk over heile landet som av ulike grunnar vel å ikkje vaksinere seg. På jobben kan dei bli omplassert. Det er ikkje like lett når ein er student.

– Eg er ikkje vaksinemotstandar, men er livredd for kva denne vaksinen kan gjere mot kroppen min, seier Hovind.

Ho tør ikkje ta covid-vaksine på grunn av sjukdommane ho har. problemet er at ho får då ikkje ta ferdig utdanninga si.
Les også
Heimeundervisning frå neste veke: - Årsaka er høgt sjukefråvær

34-åringen har funne ut at vaksinen kan påverke effekten av medisinen hennar. Foreininga for sjukdommen har gått ut med åtvaring til alle som har vaksinert seg, om at dei må blir følgt tett opp av lege, og at dei må ta hyppige, regelmessige blodprøver. Pasientar med elles faste hormon-verdiar, har fått hormonverdiar heilt ute av balanse etter vaksinering.

– Feildosering av medisinen kan påverke hjarterytmen min og i verste fall føre til hjartestans. Følgjesjukdommen kan føre til kreft, seier Hovind.

– Kva seier legen din?

– Ho seier at me alle må ta vaksinen for å få flokkimmunitet. Skal eg tenke berre på meg sjølv, meiner eg at det ikkje tilrådeleg med denne vaksinen på grunn av sjukdommane eg har. Eg tek både hormon og steroid for å halde sjukdommane i sjakk og immunsystemet intakt. Frå tidlegare er eg vaksinert med vanlege vaksinar, som er ei kontrollert eksponering av framand virus. Denne nye vaksinen mot covid-19 er utvikla med eit anna bioteknologisk system som overstyrer immunsystemet ditt. Med tanke på min sjukdom og mine medisinar tør eg rett og slett ikkje ta den. Kvifor skulle eg ta den sjansen? Eg er ikkje redd covid-19, men redd for at mitt eige immunsystem skal snu seg endå meir imot meg. Ingen kan garantere at det ikkje skjer. Og eg har allereie feil i systemet mitt, seier Hovind.

Går utdanninga hennar i vasken?

Nekta hospitering

Hovind starta på utdanninga til ambulansefagarbeidar i fjor haust. Frå februar tok ho VG2 ambulansefag, den teoretiske delen av utdanninga for å jobbe medisinsk prehospitalt i ambulansen. Ho har vore gjennom seks teoretiske- og to praktiske eksamenar innan helsefag. No framover skulle ho drive med hospitering, før lærlingopptaket utpå nyåret.

– Eg fekk tildelt hospitering i Hemsedal sist laurdag, og blei utruleg glad. Så vart eg nekta i siste sekund, seier ho trist.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
120 smitta på 10 dagar i Hallingdal

Måndag sist veke skulle ho hatt sin første dag på hospitering. Men på grunn av oppblomstringa av pandemien, har ho fått beskjed om å ta kontakt når situasjonen er under kontroll. No er ho redd døra er stengd godt att for folk utan vaksine.

– Og i februar/mars skal me eigentleg søkje om lærlingplass. Men innan då har eg ikkje ein gong hospitering.

Står fram

Ho står fram, så kanskje nokon finn ei god løysing på dilemmaet hennar. For henne er ikkje vaksine løysinga, men eit problem.

– Eg kan verkeleg ikkje setje livet mitt på spel, seier ho frustrert. Ho har ei fem år gamal dotter å ta omsyn til også.

Prøvde å løyse saka

Ambulansestasjonen i Hemsedal prøvde å løyse saka. Kontrakten var i orden, skjema fylt ut og smittevernkursa på plass. Dei måtte berre ha godkjenning frå helseføretaket.

– Me prøvde. Men ved Vestre Viken helseforetak kunne dei ikkje godkjenne ein uvaksinert student i ambulansen.

Ho tør ikkje ta vaksinen - men då får ho ikkje halde fram med utdanninga.

Vaksinen øydelegg

Maria Hovind håpar at helseføretaket kan vurdere søknaden hennar på ny når smittetala blir lågare.

– Men eg har vel eigentleg fått beskjed om at uvaksinerte ikkje er ønskte, seier ho, åtte eksamenar seinare. Ho ha brukt halvtanna år og mykje pengar på i ei utdanning ho ikkje får avslutta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ho er årets ambulansearbeidar

– Eg kjem til å bli ein veldig god fagarbeidar som kan redde liv. Men det er ein vaksine som står i vegen. Tek eg sprøyta, kan ho øydelegge livet mitt. Sjukdommen min er ikkje under kontroll. Eg vil heller ha covid-19 enn å rote til meir med dei sjukdommane eg har. Eg har kjent på kroppen kor øydeleggjande det har vore. Tek eg ikkje vaksinen, øydelegg eg for utdanninga og framtida mi. Eg må vurdere alle vegar, men denne vaksinen er ikkje ein veg eg kan ta. Akkurat no kjenner eg at det må vere ein større gevinst. Sjukdommen har eg heile tida. Covid kjem og går. Eg skal leve i 60 år til. Eg kan ikkje rote det til.

Vaksine i fokus

Snorre Birk Gundersen er avdelingssjef i ambulanseavdelinga i Vestre Viken. Han fortel at heile Vestre Viken er sett i gul beredskap på grunn av den auka smittesituasjonen.

– Mange blir råka av innstrammingane no. Vaksine, eller mangel på vaksine av ulike grunnar, er ei utfordring som stadig blir meir aktualisert. Me ser no som ein følgje av pandemien at vaksinebehovet vil vere meir i fokus og nødvendig for dei som jobbar i, eller vil jobbe i helsevesenet framover. Dette gjeld også for hospitantar i ambulansetenesta, seier han.

Ambulansesjefen legg til at når situasjonen endrar seg og dei er attende til normal drift i tenesta, vil dei kunne utvide tilbodet - også for dei som ikkje er vaksinert.

Meldingane frå helseføretaket er ikkje positive. No er ho rådlaus om vegen vidare.
Les også
Lokalt firma kjøpte hotell i sentrum - kva er planane?
Les også
Hallingdølen kåra til årets lokalavis i Europa: - Dette er ordentleg stas
Les også
Første omikron-tilfellet bekrefta: - Det var berre eit tidsspørmål