Hallingdølen er kåra til årets lokalavis i Europa. Sigersbilete med grafikar Jarle Stanes, redaktør Lillian Holden og vaktsjef Olav Johannes Bøthun.

Hallingdølen kåra til årets lokalavis i Europa: - Dette er ordentleg stas

Hallingdølen er for andre gong kåra til årets lokalavis i Europa.

Kåringa skjer i regi av European Newspaper Awards, og over 160 aviser i meir enn 20 land deltek i den årlege konkurransen. Onsdag vart det kjent; Hallingdølen vinn hovudprisen i kategorien lokalavis.

– Dette var overraskande, men utruleg artig, seier ansvarleg redaktør Lillian Holden. Hallingdølen har vunne mange enkeltprisar, men denne gongen sikra avisa seg den gjævaste av alle prisar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det same gjorde Hallingdølen i 2013.

– Prisen heng høgt og er ein kjempeklapp på skuldra til alle i avishuset, seier Holden.

Julehistoria om ... er eitt av døma på å lyfta fram folk i spaltene i Hallingdølen.

Modell for andre

Juryen har mykje fint å seie om lokalavisa i Hallingdal. Ei klassisk lokalavis, typisk for Skandinavia, der folk og innbyggjarar blir sett i sentrum. Juryen framhevar også meiningsstoffet og dei mange debattsidene. God biletbruk og ein design som gir rom for å presentere innhaldet på ein god måte, gjerne over mange sider.

– Hallingdølen sitt konsept og design er ein svært god modell for lokalaviser i heile Europa, slår juryen fast.

Framhevar grafikarane

Lillian Holden er særleg glad for at juryen framhevar at Hallingdal lyftar fram folk. Det er heilt i tråd med avisfilosofien. Likeins at avisa er ein viktig arena for meiningsutveksling.

Les også
Årets lokalavisfoto gjekk til Hallingdølen - fleire heiderlege omtaler

Juryen har også merka seg 22. juli-avisa Hallingdølen gav ut, både innhald og presentasjon.

– Hallingdølen har landets beste grafiske avdeling, med trollmannen Jarle Stanes som designansvarleg, slår Lillian Holden fast.

Glimt frå Hallingdølen si 22. juli-avis i 2021.

– Ein annan strategi

– Kva betyr ein slik pris?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Masse. Dette er ordentleg stas. Me jobbar kvar dag for å lage ei god avis for innbyggjarane i Hallingdal. Då er det artig at ein også blir lagt merke til utanfor regionen og landets grenser, seier Holden.

Ho poengterer at Hallingdølen har ein annan strategi enn store delar av mediebransjen, ved at ein framleis har grafisk kompetanse og satsar på papirproduktet. Dette gjer avisa stadig meir unik, meiner redaktøren.

Les også
Jublar for opplagstal - Hallingdølen over 10.000
Innhald, foto og presentasjon. Akt er viktig for å lage ei god avis.

– Men er det framtida å satse så sterkt på papiravisa?

– Ein må greie tenke to tankar. Me er sterk og god på papir, men satsar også sterkt digitalt. Den store veksten kjem digitalt, men me mistar ikkje så mykje på papir. Det er atypisk i bransjen og fortel meg at strategien vår er heilt rett, seier Lillian Holden.

Fire hovudvinnarar

Hallingdølen er årets lokalavis i Europa. Dei andre tre hovudprisane går til Ara frå Spania (regionavis), De Tijd frå Belgia (riksavis) og Expresso frå Portugal (vekeavis).

Prisutdelinga skjer i Wien i juni 2022.

Les også
Heimeundervisning frå neste veke: - Årsaka er høgt sjukefråvær
Les også
Lokalt firma kjøpte hotell i sentrum - kva er planane?
Les også
Koronasmitte vil setje ambulansen ut av drift