E16 i Valdres stengt - bilistar blir vist til Hemsedalsfjellet

E16 i Vang i Valdres blir stengt i minst eitt døgn.

Eit jord- og steinskred har gått over E16 i Vang. Vegen er stengt, og bilistar blir anbefalt å køyre Rv52 Hemsedalsfjellet.

40-50 meter

Steinar og jord har rast ut på to stader på E16, på vestsida av vatnet Vangsmjøse ved Øye. I tillegg har ei stikkrenne, som leiar vatn under vegen, kollapsa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Entreprenør har rapportert til Statens vegvesen at skredet er 40-50 meter breitt, og at det er store jord- og steinmassar i vegen, skriv avisa Valdres.

Minst eitt døgn

Ingen personar vart tatt av skredet, opplyser Innlandet politidistrikt.

Vegen ved Øye, rett sør for tunnelen i vest og ved Grindheim i aust, blir truleg stengt i minst eitt døgn. I verste fall vil det ta endå lengre tid, opplyser politiet og Statens vegvesen.

Les også
Inntil brua blir bygd flyg dei i løypestreng over elva
Les også
Rykte til melding om røykutvikling i bustadhus
Les også
Viste sterk køyring i NM-runde i rallycross