Gerd Roe har aldri tørrkokt potetene, men kjenner seg likevel tryggare med ein komfyrvakt i huset. Her saman med brannmann Knut Gudbrandsgard og Stein Børdalen i det lokale eltilsynet.
Gerd Roe har aldri tørrkokt potetene, men kjenner seg likevel tryggare med ein komfyrvakt i huset. Her saman med brannmann Knut Gudbrandsgard og Stein Børdalen i det lokale eltilsynet.

– Denne dingsen reddar liv

– Dette er viktig, seier Gerd Roe (75). – Ein veit aldri kor lenge ein får vere klår i skallen.

Brannvesenet og eltilsynet køyrer i desse dagar ein kampanje for å setje søkjelys på ei av dei mest vanlege brannårsakene. Pensjonisten i Øygardane i Gol skal få montert komfyrvakt på kjøkenet.

Komfyren årsak til fire av ti brannar

I Norge rykka brannvesenet ut på 3138 brannar i private heimar i fjor. Nærare 43 prosent (1344 av brannane) starta på komfyren. Berre i Buskerud var det 67 komfyrbrannar i 2016. Brannårsaka er godt kjent også for brannvesenet lokalt. Av 20 brannar i Hallingdal, var det i fjor tre komfyrbrannar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men i tillegg var det kring 30 branntilløp lokalt som hadde kjelde i komfyren, seier Knut Gudbrandsgard i Hallingdal brann- og redningsteneste.

Svarte poteter i øydelagt kjele

– Sjølv har eg aldri tørrkokt. Jo, forresten, det var ein episode då ungane var små. Eg dreiv på i hagen og oppdaga ikkje småtassen på 3–4 år som gjekk inn og sette på potetene. Han skulle berre hjelpe mor si, men då eg kom inn var potetene svartbrende og kjelen øydelagt. Det er sikkert 50 år sidan dette skjedde. Sidan då har eg hatt kontroll, seier Roe.

Moralen er kanskje at det ikkje berre er eldre som er i faresona for komfyrbrannar. Småbarnsforeldre og andre med ein travel kvardag kan vere like utsett, meiner Steinar Børdalen i det lokale eltilsynet.

– Dette handlar ikkje berre om å vere «klår i skallen». Alle har behov for komfyrvakt, ikkje berre eldre. Det er fort gjort å gløyme at du har sett på ei steikepanne. Det skal ikkje meir til enn at du blir distrahert av ein telefon, seier Børdalen.

Sidan 2010 har det vore eit krav om komfyrvakt i nye hus. Kravet gjeld også viss du oppgraderer og moderniserer kjøkkenet i eldre hus.

Billig forsikring

Utstyret er enkelt å montere. Ein liten sensor under kjøkkenvifta registrerer varmen på komfyren. Ved høg temperatur, gir sensoren alarm. Viss du då ikkje kvitterer ved å trykke på sensoren, koplar utstyret ut straumen til komfyren.

– Denne vesle dingsen kan redde liv, seier Gudbrandsgard. Utstyret kostar 3–4000 i innkjøp. Det kan vere lurt å sjekke med forsikringsselskapet. – Enkelte selskap dekkjer halvparten av kostnaden, seier Gudbrandsgard.