Regionsjef i First Camp, Vebjørn Hagen besøker First Camp Gol etter «Hans». Han er klar for å byggje opp att plassen, men er spent på kva tiltak NVE og kommunen vil gjere for framtida.

Dei kjempar mot klokka: – Kjem det ein ny flaum vil det renne rett inn att. No skal det lite til

Delar av First Camp Gol ligg i ruinar etter ekstremvêret «Hans». Dei klør i fingrane etter å bygge opp att, men fleire ting må avklarast først.

Ei gravemaskin står parkert utanfor servicebygget på First Camp Gol. Knuste spikertelt og campingvogner ligg strøydd nedover mot Hallingdalselva, med utemøblar og plattingar på ville vegar.

Det kan sjå ut som at tida har stått ganske stille her sidan «Hans» var på besøk. Men det har ei forklaring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ikkje mykje igjen av campingplassen: – Det er spesielt å vere her
Ein gravemaskin står parkert hjå First Camp Gol. Klar til å jobbe så fort forsikringsoppgjeret til eigarane av campingvogner er i boks. Men dette tek tid.

Totalt 60 campingvogner og telt vart råka av flaumen. Ni ulike forsikringsselskap er involvert. På kontoret sit dagleg leiar Edith Bakken og prøver å samordne ein massiv ryddejobb.

– Me kan ikkje ta i desse tinga før me har fått klarsignal om at det er greitt. Det er fleire eigarar som framleis ikkje har høyrd frå forsikringsselskapet sitt, seier ho.

– Mange har mista alt

Etter kvart som klarsignala kjem kan vogner og utstyr fjernast.

– Korleis er dialogen med eigarane av vognene?

– Dei har vore veldig enkle. Mange er utruleg lei seg, og mange har mista alt. Det er folk som har hatt plass her i 20 og 30 år. Men ingen kan noko for det som har skjedd og dei klandrar ikkje oss, seier Edith Bakken.

Nokre har trudd at dei hadde rett forsikring på plass, men fått beskjed om at campingvogna fell utanfor og ikkje blir dekt.

– Det er mange ulike skjebnar, seier Bakken.

Dagleg leiar i First Camp Gol, Edith Bakken, har mykje kontakt med sesongcamparane. Nokre av dei ventar framleis på svar frå forsikringsselskapet sitt.

Sårbare for ny flaum

Regionsjef i First Camp, Vebjørn Hagen, er ivrig etter å kome i gang med ryddejobben. To av tre sanitæranlegg har stått i vatn og må renoverast. Ein bygning i tilknyting til bassenget er under riving og skal byggast opp att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bygningsmessig har me god kontroll. Utbetringane her kan me gjere gjennom vinteren også. Men utearealet har me framleis ikkje fått starta på, seier han.

Slik ser det ut på First Camp Gol den 19. september:

Les også
Såg campingvogner forsvinne: – Eg snudde meg bort nokre minutt, så var ho borte. Eg anar ikkje kvar ho vart av

Kor store skader bassenganlegget har fått, veit dei framleis ikkje. Det er fullt av masse. Under flaumen skar elva Rusteåni ut av ein sving og danna eit heilt nytt løp rett mot bassenget. Dette løpet ligg framleis som eit sår i terrenget mellom knuste vogner.

– Kjem det ein ny flaum her, vil det renne rett inn att. No skal det lite til, seier Hagen.

Har dårleg tid

Difor har dei sett opprustinga av bassengområdet på vent. Først må dei vite om området blir flaumsikra før vinteren.

– For oss er det viktig å sikre at dette ikkje skjer igjen, men me er avhengige av vilje frå både kommunen og NVE, seier Hagen. I tillegg kan eventuelle flaumsikringstiltak ved Rusteåni involvere fleire grunneigarar.

– Me ventar på avklaringar. Men det er klart at noko må skje.

Slik ser det nye løpet til elva Rusteåni ut. Den grov seg gjennom bakken og rann rett ned til bassenganlegget til campingplassen.

Vebjørn Hagen er tydeleg på at dei kjempar mot klokka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me veit at vinteren på Gol kjem fort og kan vere lang, seier han. Å setje campingplassen sine uteområde i stand vil ta tid. Dei rekk neppe å kome i mål med arbeidet før snøen kjem. Men dei må få kontroll på skadeomfanget og leggje ein plan. Då må området flaumsikrast og ryddast først, slår Hagen fast. Kva tiltak som kjem på plass har betydning for korleis plassen blir bygd opp att.

– Me er nøydd til å ta ting i rett rekkefølgje.

Det er uvisst kor store skader bassenganlegget på First Camp Gol har. For å få oversikt må dei rydde ut all masse som flaumen har dratt med seg. Spørsmålet er kor mykje arbeid dei skal setje i gang før Rusteåni er sikra og dei veit at vatnet ikkje kjem rett inn att.

Flyttar sesongplassane

Alle sesong-camparane som har mista vogna si under flaumen har fått tilbod om ny plass. Men First Camp gjer endringar på området. Flata nede ved Hallingdalselva stod i vatn og har vist seg utsett for flaum. Dei som hadde fast plass her må rekne med å flytte til oversida av Rv7. Området nedanfor servicebygget vil i framtida vere sett av til rullerande gjester.

– Det er ei samansett avgjerd me nettopp har tatt. Det er ein kombinasjon av det som nettopp har skjedd og som me veit at kan skje att i framtida, og at trafikksituasjonen har vore utfordrande. Dette vil no bli enklare, forklarar Vebjørn Hagen.

Les også
Hans følgjer med frå Gol campingsenter: – Naturkreftene rår me ikkje over
Den nedre delen av First Camp Gol vil i framtida vere for rullerande gjester. Alle som har hatt sesongplass her får tilbod om ny plass på oversida av Rv7.

Dei har måtte ta store avgjerder på kort tid. Å tenke ut eit nytt driftskonsept stod ikkje i hovudet på dei før vatnet kom. Både Hagen og Bakken ser likevel lyst på framtida og er utolmodige etter å setje området i stand att. Dei håpar på å vere tilbake til normalen neste sommar.

Og sjølv om delar av campingplassen er umogeleg å kjenne att, har dei vist at det går an å halde hjula i gang. I helga husa dei ei stort biltreff som eigentleg skulle vore arrangert helga etter «Hans».

– Me begynner å ta kvardagen tilbake, seier Edith Bakken.

Dagleg leiar Edith Bakken og regionsjef i First Camp-kjeda Vebjørn Hagen ser utover den flaumskadde campingplassen.