Vogner og hytter er forsvunne med Hallingdalselva.

Såg campingvogner forsvinne: – Eg snudde meg bort nokre minutt, så var ho borte. Eg anar ikkje kvar ho vart av

Fleire campinghytter og vogner ved First Camp Gol - Hallingdal har reist med elva. Alle gjestene evakuert.

Leiinga ved campingplassen rett ved Hallingdalselva, fryktar at så mykje som 60 vogner er ramma av vassmassane.

– Gårsdagen var heftig altså! Om ein krisemaksimerer og gangar med to, då startar me å nærme oss! seier dagleg leiar ved First Camp Gol - Hallingdal, Edith Bakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho var på jobb frå klokka 0800 tysdag, til 0630 ronsdag morgon. Campingen starta tysdag med vasspumper for å få ned vasstanden, men måtte fort gi opp. Hallingdalselva vart for stor, og etter kvart fløymde det over den delen av campingplassen, som ligg mellom Rv7 og elva.

Situasjonen er alvorleg. Fire hytter som stod nærmast elva, er borte, truleg reist nedover vassdraget. Dagleg leiar Bakken veit førebels lite om materielle skader, som blant anna bade- og sanitæranlegg. Men ho fryktar det verste. Ikkje berre hytter er borte, fleire vogner er også forsvunne. I skrivande stund er det heller ikkje mogleg å kome seg opp på oversida av vegen.

Her blir gjestene frakta ut av campingplassen med traktor i natt.

Frakta ut av traktor

– I natt måtte me evakuere alle gjestene. Dei vart henta ut med traktor og henger.

Den daglege leiaren fortel at dei fekk god hjelp frå kommune, politi, brann- og redningsmannskap.

– Ikkje minst var det stor hjelp frå alle tilsette som sprang rundt og banka på dører, og vekte folk. No er campinggjestene trygt plassert, anten på Pers Hotell eller Storefjell Høgfjellshotell.

Edith Bakken skryter også av gjestane for stor redningsinnsats i går kveld.

– Dei hjelpte kvarandre med evakuering. Hadde dei ikkje vore så flinke, følgt instruksar, og samarbeidd så godt, så veit eg ikkje kva som hadde skjedd.

Edith Bakken er sjef på First Camp Gol- Hallingdal.

Vogner på avvege

Konsekvensane er store. Plassen må byggast opp på nytt. Mykje arbeid ventar. Ho er framleis usikker på omfanget av skadene. Men fyrste steg på programmet er å redde dei verdiane som er mogleg å redde. Dei må kartlegge skadene, og dei må skaffe straum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ordentlig krefter. I går ringte eg alle som potensielt kunne miste vognene sine. Eg såg på den eine vogna eit øyeblikk, snudde meg bort nokre minutt, så var ho borte. Eg anar ikkje kvar ho vart av.

Bakken fortel at det førebels er 60 vogner som er ramma på nedre delen av campingplassen.

– Men det har ikkje gått liv, og ingen er skadd. Det er berre ting og gjenstandar, og det kan erstattast.