Dagleg leiar og hovudeigar Steinar Tragethon saman med sønene Anders (t.v.), Kåre og Sverre. Saman eig dei Hallingplast.
Dagleg leiar og hovudeigar Steinar Tragethon saman med sønene Anders (t.v.), Kåre og Sverre. Saman eig dei Hallingplast.

Dei fører industrieventyret vidare

Det starta i det små med plastsiloar og plastrøyr i 1969. 50 år seinare er Hallingplast ein av dei leiande plastrøyrbedriftene i Norden.

I fabrikklokala i Kleivi næringspark på grensa mellom Ål og Hol, produserer 60 tilsette røyrprodukt på høggir.

Kvar dag går 10–13 trailerar ut frå Kleivi til kundar over heile verda. I 2018 omsette Hallingplast for kring 460 millionar kroner. Og vel tre veker inn i jubileumsåret varslar dagleg leiar Steinar Tragethon at dei ikkje har planar om å senke tempoet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har stor tru på framtida, seier Tragethon.

Tredje generasjon

Det var Kåre Tragethon som etablerte det som skulle bli Hallingplast i 1969.

I to Romney-hallar vart det mellom anna produsert plastsiloar. Kort tid seinare kom dei første plastrøyra som selskapet no er så kjende for. Steinar Tragethon har vore dagleg leiar i 40 år. I dei åra har utviklinga vore stor, med særleg stor vekst siste tiåret. I dag har bedrifta 14.000 kvadratmeter under tak, og leverer røyr til olje og offshore, fiskerinæringa og til store veg- og kommunale prosjekt. Og frå 1. januar er tredje generasjon Tragethon inne på eigarsida. Brørne Kåre, Sverre og Anders Tragethon eig no 15 prosent kvar av aksjekapitalen. 55 prosent er eigd av foreldra Else og Steinar. Det betyr likevel ikkje at Steinar Tragethon har planar om å sette ned tempoet.

– Eg skal drive på for fullt vidare, seier han.

Bygger lokalt

Det er dei tre sønene glade for når dei no for alvor skal vere med og føre industrieventyret vidare.

– Me har tru på framtida med produkta me har og mannskapet vårt. Me har mange flinke folk her, seier Kåre, som er ansvarleg for IT og automasjon.

Broren Sverre driv sals- og marknadsføring og er dagleg leiar i det svenske dotterselskapet Hallingplast AB.

– Det er artig å få drive vidare noko som skapar arbeidsplassar og vekst. Me leverer viktig infrastruktur til vatn, avløp og straum. Det er utruleg artig, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yngstebror Anders driv med teknikk og utvikling.

– Tanken vår er å halde fram med Hallingplasts verdiar med å bygge lokalt, seier han.

Utvidar

I jubileumsåret har dei fleire nyheiter.

For no har Hallingplast kjøpt 65 mål av Kleivi Næringspark. 20. desember vart avtalen underskriven. Det betyr at selskapet har 100 mål til lager og opplasting.

– Me treng plass. Hallingplast veks stadig meir. No skal me sjå korleis me skal gripe dette an vidare, seier Steinar Tragethon.

Oppkjøpet betyr at Kleivi Næringspark ikkje lenger har eigne tomter til sals i industriområdet som i dag samlar 15 bedrifter med bortimot 200 sysselsette.

– Men det finst private tomter innanfor det regulerte industriområdet, seier styreleiar i Kleivi Næringspark, Jon-Andreas Kolderup.

– Eit stort steg vidare for Hallingplast, seier styreleiar i Hallingplast AS, Jan A. Sannem, om tomtekjøpet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Steinar Tragethon seier det slik:

– Det er eit signal om at me har tru på framtida. Dette er ein gledeleg bodskap på nyåret.