Vårknipe for Buskerudbamsen.

Buskerud i pengekrise er mest pinleg for Senterpartiet

Hallingbussen er ikkje åleine om å vere truga. Buskerud fylkes kollektivselskap, Brakar, må spare 45 millionar kroner i året. Fylkeskommunen må spare 250 millionar kroner i år og 300 millionar i åra framover.

Forklaringa er enkel. Lågare skatteinngang etter at folkerike kommunar som Røyken og Hurum gjekk til Akershus. I tillegg gjekk kraftaksjane til Buskerud fylke attende til kommunane då Viken vart oppretta. Verdipapira, og inntektene frå desse blir, naturleg nok, verande i kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innsparingane har vekt ramaskrik i store kommunar som Drammen og Ringerike. Dette er område som innbyggarane oppfattar som relativt urbane. Dermed har dei opplevd, og forventar framleis, eit langt betre kollektivtilbod enn det me ser i grisgrendte bygder.

Les også
Slår alarm om økonomien i Buskerud: – Får dramatiske følgjer for tilbodet me kan gi

På sikt er det å vente at vidaregåande skular også blir ramma. Dei står for halvparten av den fylkeskommunale pengebruken. Kollektivtrafikken tek hand om ein fjerdedel av dei fire milliardane som finst på budsjettet i dag.

Politisk snakkar me om ein varsla katastrofe. Åtvaringane var mange, og dei var i hovudsak knytt til økonomien i eit gjenoppretta Buskerud fylke.

Det var Sp, Ap, SV, Raudt og Frp som støtta reverseringa, og det er ingen tvil om at Senterpartiet var den mest ihuga pådrivaren. Det blir difor pussig når ein av partiets lokale representantar i fylkestinget no etterlyser pengar til Hallingbussen.

I Ap var det truleg mange som heldt seg for nasen. Partiet har som grunnleggande arvestoff å utvikle landet, ikkje å reversere vedtak som er gjort.

No sit begge partia att med ei sak som ein stor del av innbyggarane i folkerike deler av fylket, bokstaveleg tala vil kjenne på kroppen. Verknadene av den vil gjere det ytterlegare vanskeleg for dei to å sikre seg raudgrønt fleirtal ved neste riksval.

Les også
Reagerer kraftig på kutt: — Det er fullstendig krise. Dette er dårleg distrikts- og miljøpolitikk

To frontar er etablert for å redde situasjonen. Det politiske fleirtalet i Buskerud fylke, med Høgre i leiinga, har teke saka opp i brev til kommunalministeren. Dei raudgrøne, og støttespelarane rundt, lovar på si side å arbeide direkte inn mot eiga regjering for å sikre meir pengar.

Hallingdølen meiner arbeidet berre må lukkast. Me var imot reverseringa av Viken. Bakgrunnen var, i hovudsak, dei tvilsame økonomiske utsiktene. Likevel har det lite for seg å få rett, ved å sjå på at ting går skeis. Me ber difor regjeringa løyse denne floken.

Artikkelen held fram under annonsen.