Sjåføren var aleine i bilen då den hamna i autovernet på brua.

Bil i autovernet på Rv7 - større materielle skader

Ein bil med ein person gjekk rett i autovernet i Gulsvik tysdag ettermiddag.

Meldinga om hendinga kom rett etter klokka 15.30.

Ifølgje politiet har ein bil fått større materielle skader etter å ha køyrt i autovernet. Det skal vere mindre skader på sjåføren, som var aleine i bilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulykka skjedde omlag ein halv kilometer nord for Hallingporten, på brua rett før tunnelen.

Ved 16.30-tida var eitt køyrefelt opent, og trafikken vart dirigert forbi. Ein bilbergar var alt på staden.

Les også
Hytteeigarar ber politikarane seie nei - vil stoppe utbygging
Les også
«Testkøyraren» må i fengsel
Les også
43 smitta på to veker i Hallingdal: – Det er ikkje noko som heiter vanleg forkjøling no