Kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam i Gol har fått 13 positive prøvesvar på pulten sin dei siste to vekene. Han er klar på at nøkkelen for å unngå meir smitte, er rask testing.

43 smitta på to veker i Hallingdal: – Det er ikkje noko som heiter vanleg forkjøling no

I løpet av dei siste to vekene har 43 personar blitt smitta av koronaviruset i Hallingdal. Kommuneoverlegen i Gol har ei klar oppmoding til folk som blir sjuke.

– Nøkkelen for å halde smitta nede under denne bølga, er rask testing. Eg håpar folk tek kontakt for å teste seg så raskt som mogleg når dei utviklar symptom eller blir definert som nærkontaktar, seier Jagannivasan Thurainayagam.

Han følgjer opp med ei krystallklar melding:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein må tenke covid-19 om ein får symptom. Det må avklarast med ein test for å vere sikker. Det er ikkje noko som heiter vanleg forkjøling no, understrekar han.

Les også
Begge ordførarane er koronasmitta: – Eg fekk bakoversveis

I løpet av dei siste to vekene, frå 15. november og fram til i dag, har det blitt registrert 43 smittetilfelle i Hallingdal.

Dei fordeler seg slik:

KommuneTal på smitta
Flå2
Nesbyen2
Gol13
Hemsedal8
Ål10
Hol8

I Nore og Uvdal har det også blitt registrert åtte smittetilfelle dei siste to vekene.

Må tenke korona

Gol har hatt flest smittetilfelle dei siste vekene, med 13 positive prøvesvar. Det gjer kommunen oransje på smittekartet.

– Det er mykje testing. Men me har ein jamn flyt, slik sett er det ikkje så mykje meir hektisk enn det har vore tidlegare i haust, seier kommuneoverlege Thurainayagam.

Les også
Uroa for helsevesenet i Hallingdal: – Kapasiteten er under press

Fleire og fleire nyttar seg også av heimetestar.

– Nokre av dei positive tilfella me har hatt den siste tida, har blitt fanga opp med heimetesting. Så har dei kontakta oss for å få svaret verifisert, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inga spreiing

I Ål har ti personar fått bekrefta koronasmitte sidan 15. november.

– Smitta kjem i hovudsak utabygds frå. Så smittar det lett innad i husstandane, også til vaksinerte, seier kommuneoverlege Toril Bøyum.

– Me har så langt vore heldige, og unngått større smittespreiing.

Les også
Legane er bekymra: – Me ventar ein tøff vinter

I likskap med Gol har Ål god kapasitet på testing om dagen.

– Eg har også inntrykk av at mange er flinke til å teste seg sjølv. Det er det absolutt viktigaste; at folk held seg heime og testar seg om dei får symptom, seier Bøyum.

Endeleg «stille»

Hol har hatt åtte smittetilfelle dei siste vekene. Det er ein heilt annan situasjon enn tidlegare i haust, då Hol stod midt i eit svært krevjande smitteutbrot. Sist gong Hallingdølen skreiv om smittetala, hadde 73 testa positivt i utbrotet.

Kommuneoverlege Silje Koldal er glad for rolegare tider i Hol.

– Det er endeleg ganske fredeleg og kontrollert. Me håpar på ei fredeleg fortsetjing også, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Det vart seks dagar på sjukehus for Louise
Les også
Rekordhøg smitte i Norge: – Eg har ikkje planlagt nokon utanlandstur med det første, for å seie det slik