Masud Gharahkhani (Ap) er ikkje fornøgd med korleis justisminister Jøran Kallmyr (Frp) svarar knytt til avhøyr av barn i Hallingdal.
Masud Gharahkhani (Ap) er ikkje fornøgd med korleis justisminister Jøran Kallmyr (Frp) svarar knytt til avhøyr av barn i Hallingdal.

Barnehus: – Godtek ikkje byråkratisk svar

– Ikkje nødvendigvis negativt for barna, seier justisminister Jøran Kallmyr (Frp) om dagens løysing for tilrettelagde avhøyr av barn frå Hallingdal.

Avhøyr av barn og unge, såkalla «tilrettelagde avhøyr», blir per i dag gjort i Statens barnehus i Sandefjord. Dermed må barn og unge frå Hallingdal skyssast tur-retur Sandefjord for å gjennomføre slike avhøyr. Dette krev både mykje tid og ressursar. I tillegg meiner tilsette i mellom anna oppvekstsektor og barnevern at prosessen er belastande for både barn og involvert personell.

Klar beskjed

Dette er bakgrunnen for at det no blirjobba for å få ein satellitt av Statens barnehus til Hallingdal, slik at avhøyr av barn kan gjennomførast lokalt. For halvannan veke sidan sende Masud Gharahkhani (Ap) eit skriftleg spørsmål til justisminister Jøran Kallmyr (Frp) knytt til dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vil justisministeren støtte hallingdalregionens tydelege ynskje om ein satellitt av Statens barnehus i Hallingdal?, spurde Gharahkhani.

Han viste også til eintydige tilbakemeldingar frå involverte aktørar i Hallingdal – både tilsette i barnevern og oppvekstsektor, politiet og lokalpolitikarar.

«Eit svar utan innhald»

No er svaret frå justisministeren klart. Kallmyr på at det fleire stader i landet er ynskt eigne barnehus, underavdelingar eller såkalla satellittar.

– Overgrepsutsette barn i hallingdalsregionen soknar i all hovudsak til Statens barnehus i Sandefjord. Barn i denne regionen vil difor i nokre tilfelle måtte reise langt for å kunne avhøyrast på barnehuset. Dette vil kunne utgjere ein tilleggsbelastning, men er ikkje nødvendigvis negativt for barna, skriv Kallmyr.

Gharahkhani er langt ifrå fornøgd med svaret.

– Eg meiner dette er så viktig for barna og for distrikta at eg ikkje godtek eit byråkratisk svar utan innhald frå justisministeren, seier Gharahkhani til Hallingdølen. – Me må lytte når dei tilsette er så tydelege på at dette går utover dei mest sårbare barna og rettssikkerheita deira. Ordførarane i Hallingdal er også tydelege på at ein satellitt vil føre til betre ressursbruk for politiet og barnevernet i Hallingdal, legg han til.

Vil følgje opp

Kallmyr meiner det viktigaste er å sikre det faglege innhaldet i arbeidet som blir gjort av politi og helsepersonell ved dagens barnehus. Politidirektoratet skal no i gang med ei evaluering av barnehusa rundt om i landet. Då vil spørsmål rundt kapasitet og kompetanse bli viktig knytt til eit eventuelt behov for å opprette fleire barnehus, meiner justisministeren. Men Gharahkhani varslar alt no at han ikkje vil gi seg, og at han vil stille Kallmyr til veggs under spørjetimen på Stortinget.

– Eg vil følge opp med eit nytt spørsmål til justisministeren, men slik at han denne gongen må møte opp på Stortinget for å svare. Regjeringa svarar opp alle utfordringar, anten det er politireform eller barnehus, med at dei ventar på evalueringar. Det er på tide å lytte til distrikta og levere. Me synest Hallingdal kan bli ein god pilot for det som kan vera løysinga for mange distriktskommunar, seier han.