Anved Johan Tveit, ordførar frå Eidfjord kommune har lagt bak seg 9 mil på sykkel når han på Geilo Amfi overlèt stafettpinnen til Tony Kjøl, ordførar i Hol og styreleiar i Hardangerviddatunnelene framfor ei gruppe frammøtte frå aksjonsgruppa for Hardangerviddatunnel.
Anved Johan Tveit, ordførar frå Eidfjord kommune har lagt bak seg 9 mil på sykkel når han på Geilo Amfi overlèt stafettpinnen til Tony Kjøl, ordførar i Hol og styreleiar i Hardangerviddatunnelene framfor ei gruppe frammøtte frå aksjonsgruppa for Hardangerviddatunnel.

Årets første sykkeltur gjekk til Oslo

Ordførar Tony Kjøl håpte på ein mjuk stol då han i dag møtte samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i Oslo.

Midt på dagen torsdag kom Anved Johan Tveit, ordførar i Eidfjord kommune, syklande inn på Geilo Amfi med ei bodstikke i handa. I rullen stod det at Rv7 Hardangervidda bør vere ein av dei prioriterte vegane mellom aust og vest og at det i alle fall må bli tunnel. Fredag skulle bodskapen bli overlevert samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

- Det var ein fin tur over Hardangervidda, men det var mykje trafikk så eg ser fram til han kan gå gjennom tunnel, seier Tveit. På Geilo vart han møtt av ei mindre gruppe tunnelforkjemparar i kampanje-skjorter, med norske flagg, toradarspel og ein Hol-ordførar som var klar for å ta bodskapen frå vest vidare med seg på sykkelturen inn til hovudstaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er bodskapen frå vest?

– Hardanger og Hallingdal har samanfallande interesser. Veg er viktig for busetnad og næringsliv. Me trur også det er det rimelegaste alternativet, seier Tveit. Han vedgår dei ikkje har tal som kan dokumentere dette no, men dette er noko det blir arbeidd med.

– Kva er viktigast, veg eller tunnel?

«Hjelperyttar» Marcel Sleeking slo følge med Tony Kjøl (t.v.) frå Geilo torsdag. Turen til Oslo er på 220 km delt på to etappar.
«Hjelperyttar» Marcel Sleeking slo følge med Tony Kjøl (t.v.) frå Geilo torsdag. Turen til Oslo er på 220 km delt på to etappar.

– Båe delar er viktig, men primært er det tunnel me vil ha, seier Tveit.

Tony Kjøl tok stafettpinnen og gjorde seg klar for den 220 km lange turen på sykkelsetet.

– Det blir årets første sykkeltur, seier han, for høvet med lånt landevegssykkel og sykkelbukse med polstring i baken.

Første etappe gjekk til Flå torsdag, ei strekke på 10 mil.

Fredag morgon la han i veg på siste etappe. Sjølv om det er ein lang sykkeltur, er Kjøl klar på at dei kjempar for den kortaste vegen mellom aust og vest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utanfor Stortinget var det kulturinnslag og appellar fredag. Ei busslast med vegforkjemparar på begge sider av vidda var venta. Etterpå var det duka for møte med ministeren, der bodskapen skulle bli overlevert.

– Eg får satse på ein mjuk stol når eg er framme, seier Kjøl før avgang.