Almissene har kome for å bli

Statsministeren lovar at me skal attende til låge og stabile prisar på straum. Han lovar også at det ikkje skal bli mørkt i glasa. Forsyningstryggleiken skal sikrast.

Me trur statsministeren på det siste. Sjølv om formuleringa er at restriksjonar på eksporten berre er noko som kan skje «i siste instans», som Jonas Gahr Støre og energiminister Terje Aasland uttrykker det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne formuleringa er noko av det klaraste som kom fram under pressekonferansen regjeringa held før helga. For vår del kunne dei to godt lagt til: Det blir lys i glasa også når magasina blir skrinne, men det blir kostbart.

Sikring av leveranse er eit av kronargumenta frå regjeringa no. Det er ikkje rart. Å lovfeste betre forsyningstryggleik, er eit minimum av det som må til for å roe befolkninga. Det skjer etter at kraftprodusentane, rusa av etterspørselen sørfrå, selde ut kraft frå lagera som er bygd for nettopp sikring av norsk straumforsyning.

Å sikre mot samfunnsfarleg magasintømming er truleg også kurant i høve til kva me har forplikta oss til gjennom EØS-avtalen. Verre er det å gjere noko med prisane, slik statsministeren lovar. Her kjem EØS-reglane om fri flyt av varer inn.

Det er kombinasjonen av overføringskablar, og avtalen med EØS som har ført til at me har importert eit prisnivå som folk opplever som urimeleg. Statsministeren forklarar nivået med krig i Europa, lite vatn og lite vind.

Krigen har utan tvil ført til at problema kom raskare, og kraftigare, på oss. Men me meiner at situasjonen me har i dag, etter kvart ville ha nådd oss uansett. Ikkje minst fordi Tyskland har redusert produksjonen av kjernekraft.

Alt i alt handlar dette om EU. I staden for endå ei folkerøysting, som Arbeiderpartiet og Høgre risikerer å tape, har Stortinget, på kraftsektoren, nærma seg EU gjennom enkeltvedtak. Ein utilsikta biverknad er ein prisgalopp, og ei tillitskrise, som rir Jonas Gahr Støre som ein vond draum.

Marerittet forsvinn neppe. Ei side er at vedvarande høg straumpris skaper misnøye som må døyvast med straumstøtte til private. Ei annan side er trusselen mot 17. 000 distriktsarbeidsplassar innan kraftforedlande industri, dersom selskapa tener meir på å selje straumen på rot.

Me var tidleg ute med å bruke ordet almisser om straumstøtta. Og ein ting er sikkert; ordninga bryt solid med tradisjonen Arbeiderpartiet står for. Norske arbeidsfolk skal vera stolte lønnsmottakarar, som står på eigne bein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politikken skal gje tryggheit for alle, men ikkje almisser til alle. Neste riksval vil handle om størrelsen på straumstøtta. Det er ein situasjon som er skapt politisk.

Les også
Smålåtent om kraftkrisa frå høgrelaga
Les også
«Det er kraftprisen, din dumming»