Lensmann Geir Vidme og ei patrulje leitte etter bilen.
Lensmann Geir Vidme og ei patrulje leitte etter bilen.

87-åring vart forfølgd - ringde politiet

To ukjende menn forfølgde ei 87 år gammal kvinne i Gulsvik.

– Dei oppførte seg skremmande, seier Flå-lensmann Geir Vidme.

Det var måndag ettermiddag i ei forretning i Noresund at kvinna kom i kontakt med dei to mennene med austeuropeisk utsjåande. Det vil seie: Dei brukte det klassiske trikset med å skape forvirring for på den måten å få tak i lommeboka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ringde på

Og dei lykkast. For då kvinna kom heim til Gulsvik, oppdaga ho til si fortviling at bankkortet var borte.

Like etter ringde det på døra. Og der stod to menn, dei same som ho hadde møtt i forretninga på Noresund. Ho kjende dei att.

Dei bad om å få vatn. Kvinna vart redd. Ho frykta at dei var på jakt etter pinkoden hennar og låste døra før ho ringde politiet.

Rykka ut

Lensmann Geir Vidme rykta ut. Det same gjorde ei politipatrulje lenger oppe i Hallingdal. Men bilen med dei to mennene var søkk borte.

– Me såg etter ein mindre brunaktig bil med skiboks på taket, seier Vidme.

Tysdag vart det stoppa ein bil på Rv7, men det var ikkje den same bilen.

Vart forfølgd

Vidme seier at kvinna gjorde alt rett då ho låste døra og ringde til politiet.

– Dei to mennene har følgd etter henne frå Noresund og til bustaden hennar i Gulsvik. Ei strekning på tre mil. Slike saker tek me på alvor, seier Geir Vidme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han ber folk vere merksame og gjere som kvinna gjorde; varsle politiet.