Kommuneoverlege Silje Koldal har hatt nokre svært hektiske veker.

61 smitta og fleire innlagt: No er Hol hardast råka i heile landet

I forhold til folketalet er det ingen kommune i Norge som har meir smitte enn Hol akkurat no. 61 er smitta, og har blitt såpass sjuk at fleire av dei er innlagt.

Onsdag var talet på smitta kome opp i 61 i Hol. Ifølgje VG si oversikt over koronasituasjonen i landet, som byggjer på tal frå Folkehelseinstituttet (FHI), har Hol no 1285,5 koronasmitta per 100.000 innbyggarar.

Nest hardast råka er Sande kommune på Sunnmøre, med 1185,1 smitta per 100.000. Ibestad i Troms og Finnmark følgjer deretter, med 1136,4.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me trur me har sett toppen av smittebølga no, sjølv om me framleis ser nysmitte som ikkje er avklart. Me er positive og meiner me ser ein meir kontrollert situasjon enn me har hatt dei siste to vekene, seier kommuneoverlege Silje Koldal.

Blant dei 61 smitta er både uvaksinerte, delvaksinerte og fullvaksinerte. Ifølgje Koldal har mange av dei smitta kraftigare symptom enn tidlegare.

– Dei smitta har meir markante symptom. Det har også vore behov for å legge inn pasientar, fortel ho.

Trur toppen er nådd

Utbrotet i Hol starta for to veker sidan. Kjelda var eit arrangement med «høg sosial faktor og mykje alkohol». Sidan dei første tilfella vart kjent, har kommunen jobba på spreng med både smittesporing, testing og isolering. Likevel har det vore vanskeleg å få has på utbrotet - men no håpar kommuneoverlege Silje Koldal at det er lys i tunnelen.

– Det er positive tendensar, med færre nye positive prøver. Eg trur på stabilisering no, seier Koldal.

Les også
Fem nye smitta i helga: - Eg har eit håp om at me har passert toppen

Dei siste par dagane har berre nokre få nye fått bekrefta koronasmitte. Det tyder på at kommunen kanskje har nådd halen av utbrotet. Men dei måtte sette strengare tiltak i verk for greie det.

Fredag kom dei med ei lokal forskrift, som seier at alle som blir definert som nærkontaktar, skal gå i karantene. Dei nasjonale reglane er noko lettare - dei seier at nærkontaktar kan unngå karantene ved å teste seg. Men Hol trengde sterkare lut.

– Tiltaka har utan tvil vore eit viktig verkemiddel for kontroll, sa Koldal til Hallingdølen måndag, to dagar etter at dei hadde teke forskrifta i bruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Innfører nye og strengare tiltak i Hol: No må folk gå i karantene

Folk som blir smitta i Hol no, må i isolasjon i fem dagar. Nærkontaktar må gå i karantene i sju dagar.

91 smitta

Utbrotet er det kraftigaste som har vore i Hallingdal sidan koronaviruset kom til landet.

Det kjem stadig smittetilfelle også andre plassar i Hallingdal. Ifølgje tal Hallingdølen har fått, er 91 personar blitt registrert som koronasmitta i Hallingdal sidan 1. oktober:

Hol: 61

Ål: 3

Gol: 4

Hemsedal: 10

Nesbyen: 3

Artikkelen held fram under annonsen.

Flå: 0

Tysdag vart det registrert 1144 smitta i Norge. Talet på innlaget var 106 personar.

Les også
Hol tek grep: Ber folk bruke munnbind og halde avstand
Les også
Greidde ikkje skaffe bøsseberarar - er det avleggs å gå frå dør til dør og samle inn pengar?
Les også
Eckersberg-kunst frå Nesbyen er selt