Kommuneoverleg Silje Koldal og hennar kollegaer står brått midt i eit nytt koronautbrot.

Stort koronautbrot i Hol: 19 smitta på fem dagar

I løpet av få dagar har det eksplodert med koronasmitte i Hol. – No må folk vakne og ta ansvar, seier kommuneoverlege Silje Koldal.

Dei første positive prøvene kom torsdag. Sidan då har det strøymt på med nye. Måndag ettermiddag var talet på smitta kome opp i 19.

– Me ventar at det kjem fleire. Me har nærkontaktar med symptom, seier Koldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei smitta er i hovudsak lokale. Smittesporarar har gjennom helga jobba for å finne ein fellesnemnar for alle dei som no er råka. Utbrotet ser ut til å ha starta helga for litt over ei veke sidan, på eit arrangement.

– Me snakkar her om vaksne smitta, og ein type arrangement med høg sosial faktor og mykje alkohol involvert, seier Koldal.

Vaksinert - likevel sjuk

Dei fleste som har blitt smitta er folk som ikkje er vaksinert. Men ifølgje kommuneoverlegen er det både fullvaksinerte og delvaksinerte blant dei som har testa positivt.

– Fleire av desse har blitt markant sjuke, fortel ho.

Mange har blitt testa i Hol gjennom helga, og måndag var 25 personar innom teststasjonen.

Problemet er dette: Det er ikkje lenger nokon klar samanheng mellom alle dei som blir smitta, sjølv om dei fleste som testar positivt har ein direkte eller indirekte link til arrangementet for litt over ei veke sidan.

– Det er villsmitte laus. Dette handlar ikkje lenger berre om smitte i ein gjeng bekjente, det er trådar i alle retningar, seier Koldal.

Vurderer tiltak

Så langt er det ikkje innført ekstra tiltak i Hol, men det kan bli aktuelt om situasjonen held fram å eskalere.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må vurdere om me skal oppgradere beredskapsnivået. Det skal litt til å gå inn med andre lokale verkemiddel, me er ikkje der enno. Men me må ha det som ein moglegheit, seier Koldal.

Verken barnehagar eller skular er enno ikkje såpass råka av smitta at det er snakk om skjerpa beredskap.

Koldal ber folk i Hol innstendig om å vere varsam dei neste dagane. Sidan det er villsmitte i samfunnet, er det vanskeleg å seie kor omfattande utbrotet blir.

– Hald deg til generelle smittevernreglar, seier ho.

– Sjølv om meteren og oppmodinga om bruk av munnbind er borte, er det ikkje ulovleg å tenke sikkerheit. Det vil vere fornuftig å legge inn ein ekstra sikkerheitsmargin dei neste vekene, til dette er avklart.

Avgrens sosial omgang

Vidare ber ho folk tenke over kor mange ein skal ha kontakt med akkurat no.

– Ver gjerrig på nærkontaktane dine. Særleg om du ikkje er vaksinert, seier Koldal.

Det er også nødvendig at folk seier frå om dei har luftvegsymptom, og let seg teste.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og om du ikkje er vaksinert, kan det vere lurt å gå ein runde til med seg sjølv akkurat no. Folk er alltid velkomne til vaksinering, seier Koldal.

Kommuneoverlegen ber rett og slett folk om å hjelpe til med å avgrense utbrotet mest mogleg.

– Folk må vakne, og ta ansvar, seier ho.

Les også
– Me må ikkje gløyme å vaske hendene
Les også
Slik samanfattar folk halvanna år med korona
Les også
– Folk bør vere meir uroa for at dei kan smitte naboen