Ei avdeling ved Ål Bu- og behandlingssenter er stengt grunna mogeleg koronsmitte.

20 pasientar i koronakarantene

Det er slått full koronaalarm ved Ål Bu- og behandlingssenter. Ei avdeling og nokre hyblar er sett i karantene. Karantenetiltaka omfattar i underkant av 20 pasientar.

Kommunalsjef for helse og omsorg i Ål kommune, Borghild Ulshagen, framfor den stengte avdelinga ved Ål Bu- og behandlingssenter.

Det opplyser kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen. Tiltaka vart gjort gjeldande frå og med i dag, måndag. Det er så langt ikkje påvist smitte hjå tilsette eller pasientar.

Etter det Hallingdølen får opplyst vart det i løpet av helga påvist at ein av dei tilsette ved avdelinga Uppigarden hadde vore i kontakt med ein person som var smitta. Dette utløyste full koronaalarm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har tatt prøve

Det er no tatt prøve av helsearbeidaren. Inntil svaret ligg føre, er det innført strenge karantenetiltak. Det gjeld for pasientar i avdelinga Uppigarden og nokre hyblar knytt til bu -og behandlingssenteret. Dei tilsette som er i kontakt med desse pasientane brukar smittevernutstyr. Tiltaka vil gjelde inntil ein får svar på prøven. Dersom alt går greitt, kan det vere klart i løpet av tysdagen.

Helsedirektoratet sine råd om besøk på helseinstituasjonar

Pasientar på sjukeheim, i omsorgsbustader og øyeblikkeleg hjelp-plassar ha auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp ved smitte av koronaviruset. God hoste- og handhygiene reduserer risikoen for smitte, og besøkande skal følge grunnleggande smittevrenrutinar for å bekytte pasientar.

Med besøkande meiner ein pårørande og omgangskrets til bebuar, frivillige hjelparar og andre som leverer tenester og bidreg med aktivitetar ved institusjonane.

Helsedirektoratet rår til at følgjande personar ikkje besøkjer kommunale helseinstitusjonar:

* Personar som har vore i område med vedvarande spreiing av koronaviruset dei siste 14 dagane.

* Personar som siste 14 dagar har vore i nærkontakt med person som er stadfesta smitta av koronaviruset. Nærkontakt blir definert som:

– har budd i same husstand

– har pleia/behandla eller handtert prøver frå smitta pasient utan å bruke anbefalt smittevernutstyr

– har opphalde seg i eit avgrensa miljø med ein person som er stadfesta koronasjuk i meir enn 15 minutt og på mindre enn 2 meters avstand, har site i nærleiken (to sete eller nærare i alle retningar) av ein person som er stadfesta kroronasjuk på fly

– har vore del av same reisefølgje som ein person som er stadfesta koronasjuk

– Me har innført ei rekke tiltak for å unngå smitte. Vedkomande som har hatt nærkontakt med den koronasmitta er i isolasjon heime. Alle pasientane må halde seg inne på romma sine. Dei tilsette elles er bedne om å ha minst mogeleg omgang med folk og dei nyttar smittevernutstyr, og det er innført besøksforbod på avdelinga, opplyser Strømmen.

Kommunalsjef for helse og omsorg i Ål kommune, Borghild Ulshagen, framfor den stengte avdelinga ved Ål Bu- og behandlingssenter.

Føre var-tiltak

Strømmen understrekar at tiltaka fyrst og fremst er føre var-tiltak.

- Me har god oversikt over situasjon. Både over kven helsearbeidaren har hatt kontakt med av pasientar, og av kollegaer. Me har mobilisert det som er nødvendig i ein slik situasjon.

Provosert og oppgitt

Omfanget av koronautbrotet blir berre større og større. I helga vart den fyrste koronapasienten innlagt på Drammen sjukehus. Totalt er det no registrert godt 170 smitta i Norge.

– Eg blir provosert og oppgitt når eg ser og høyrer folk som gir blaffen i råd og pålegg frå helsestyresmaktene. Dei svakaste i samfunnet er mest utsett. Skal me unngå ei nasjonal krise, trengst det ein dugnadsinnsats. Eg forventar at alvoret sig inn og at alle rettar seg etter det som blir sagt frå helsehald, understrekar Strømmen.

Fleire i karantene i Ål og Hol

Ifylgje kommuneoverlegen er fleire titals personar sett i karantene i Ål og Hol dei siste dagane, men det er ikkje påvist smittetilfelle i nokon av kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
20 negative koronaprøver i Hallingdal

- Dette gjeld personar som har vore i nærkontakt med antatt smitta personar, eller som har vore i virusområde. Situasjonen er vorte langt meir dramatisk berre i løpet av helga. Kommunehelsetenesta i Hallingdal har difor tett dialog med Ringerike sjukehus og Vestre Viken helseføretak, opplyser kommuneoverlege Geir Strømmen.