Espen Aass har kjøpt Liatoppen fjellstue i Ål. Han vil satse på bedriftsinterne kurs kombinert med tradisjonell turistdrift.

Ny eigar ser nye moglegheiter

Det er tøffe tider i reiselivet. Mange fjellhotell slit. Men Espen Aass har trua på eit fjellhotell i Ål.

Like før påske vart dei samde om pris. Espen Aass kjøper Liatoppen fjellstue i Ål. Turistbedrifta øvst i Liagardane har sidan 2015 vore eigd og drive av Syningen Eiendom AS.

– Me kjem til å satse på bedriftsinterne samlingar og kurs i tillegg til å vidareføre den gode og fornuftige drifta her, fortel Espen Aass til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

25 mill. i overskot

Han har ingen erfaring frå reiselivet, men solid kunnskap og kompetanse frå næringslivet. Aass er både eigar og dagleg leiar i Esacon AS, eit Oslo-firma som hjelper bedrifter med å søke forskingsmidlar. Til dømes skattefunn. I 2018 - eit normalår for bedrifta - omsette dei for vel 50 millionar kroner og hadde eit driftsresultat på over 25 millionar.

Les også
Liatoppen ventar på ny eigar

Kort sagt; han treng ikkje ligge vaken om natta fordi han har betalt nokre millionar for Liatoppen.

Han ynskjer ikkje å gå ut med eksakt pris, men fjellstova låg ute for 5,9 millionar kroner. Både Aass og seljar Svein Fuglset er fornøgd med prisen.

Liatoppen fjellstue i Ål har fått nyte eigarar.

Brei kontaktflate

Det er koplinga til Esacon som var utgangspunktet for kjøpet og der Aass ser framtidige moglegheiter.

– Me har ei brei kontaktflate mot næringslivet. Frå dialogen med bedriftene veit eg at mange har behov for bedriftsinterne samlingar og kurs. Det kan bli ein marknad for Liatoppen, seier Aass som er busett i Bærum.

Les også
Liatoppen skal rustast opp som turisthotell

Samtidig er han oppteken av å vidareføre eksisterande drift. Liatoppen har fått mykje god tilbakemelding frå gjester. Aass håpar å få med seg lokalt mannskap i å vidareføre og vidareutvikle staden.

Startar med oppussing

Men starten skjer midt i koronaepidemien. Espen Aass veit ikkje når han kan opne; men planen er å overta fjellstova i august.

– Kanskje framskundar me dette noko for å kome i gang med oppussing. Me har blitt tatt godt imot av Ål kommune, og kjem til å starte med å pusse opp. I tida framover treng me lokale snikkarar, røyrleggjarar, elektrikarar og målarar, seier Aass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Erik Leander Paule t.v. vil få driftsansvaret på Liatoppen fjellstue. Espen Aass er styreleiar i både Liatoppen Eiendom og Liatoppen Drift.

Vurderer fleire senger

Liatoppen skal bli «Det grøne fjellhotellet», med solcelle, jordvarme og varmepumpe. Ein del vindauge skal skiftast, og rom skal pussast opp. Det blir nokre millionar i kostnader i starten.

Tomta er på 14 mål, og dei har så smått begynt å sjå på moglegheita for ei ny fløy. Lokal arkitekt er engasjert.

– Me har ikkje bestemt oss for dette enno. Men i dag er det 65 sengeplassar; med 90-100 sengeplassar opnar det seg fleire moglegheiter for kurs og samlingar. Og for eksempel bryllaup som vil eigne seg svært godt her, seier Aass.

Manglar erfaring

På eitt område står Aass ikkje så rusta, han manglar bransjeerfaring. Det er både han og påtroppande dagleg leiar Erik Leander Paule klar over. Derfor er dei også audmjuke.

– Me treng å hauste erfaring på hotelldrift, her må me hente inn erfaring. Men med kopling til Esacon kombinert med å vidareutvikle eksisterande drift, så har eg trua, seier Espen Aass som har sterke band til Hallingdal. Det får ein etter å ha hatt hytte ved Strandavatnet i Hol i over 30 år.

Les også
200.000 i draghjelp til bedrift i Kleivi