Dei nye eigarane av Liatoppen Fjellstove skal pusse opp det 54 år gamle hotellet og drive det vidare som turistbedrift.
Dei nye eigarane av Liatoppen Fjellstove skal pusse opp det 54 år gamle hotellet og drive det vidare som turistbedrift.

Liatoppen skal rustast opp som turisthotell

Dei nye eigarane av Liatoppen Fjellstove i Ål skal ruste opp hotellet og byggje vidare på samarbeidet med skisenteret.

Etter 54 år som familiedrift er Liatoppen Fjellstove selt til Syningen Eiendom AS. Familien Buseth skal drive hotellet ut vintersesongen fram til eigarskiftet 1. mai.

– Ei perle

– Liatoppen er ei perle med topp beliggenheit og blir framleis ei turistbedrift. Me skal pusse opp, utvikle og drive hotellet vidare, seier Roar Schinnes, styreleiar i Syningen Eiendom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han opplyser at omfanget av oppussinga og opprustinga ikkje er avklart.

– Me jobbar med tre alternativ og skal ha ein arkitekt til å sjå på mogelegheitene i slutten av januar. Eitt alternativ er å ta att forsømt vedlikehald og drive hotellet vidare. Det er det enklaste og minst omfattande. Det andre er å utvide og utnytte eksisterande bygningsmasse betre. Det tredje er å byggje på og utvide hotellet. Potensialet for utviding er stort, seier Schinnes.

Utvikle samarbeidet

Styreleiaren understrekar at dei nye eigarane kjem til å halde fram det nære samarbeidet med Liatoppen Skisenter.

Dei nye eigarane av Liatoppen Fjellstove vil halde fram samarbeidet med skisenteret etter at hotellet er rusta opp. Biletet er tatt ved oppkøyringa til skistadion.
Dei nye eigarane av Liatoppen Fjellstove vil halde fram samarbeidet med skisenteret etter at hotellet er rusta opp. Biletet er tatt ved oppkøyringa til skistadion.

– Liatoppen ligg like ved eit topp løypenett. Eg vil gi honnør til dei som har utvikla skianlegget. Me vil utvikle og byggje vidare på det gode samarbeidet både med skisenteret og Liapark, seier han.

Han opplyser at hotellet blir stengt ein periode under oppussinga og ei eventuell utviding som startar etter eigarskiftet.

– Kor lenge?

– Det er avhengig av alternativet me landar på. Det kan bli frå eit par månader til halvtanna år.

Liatoppen, Torsteinslåtta og Syningen

Syningen Eiendom AS har frå før to eigedommar i Ål kommune. Dei driv Torsteinslåtta Feriesenter innanfor Opheim, og selskapet kjøpte Forsvaret sin eigedom på Syningen då HV-skulen på Torpomoen vart nedlagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Planen er at Liatoppen, Torsteinslåtta og Syningen får felles administrasjon, men skal drivast kvar for seg. På Syningen er me i ferd med å utarbeide reguleringsplan for 100 hytter saman med 25 grunneigarar i området, seier Roar Schinnes.