Dagleg leiar i SkiGeilo, Kevin Eikrehagen, meiner me må bli flinkare til å ta vare på sesongarbeidarane. - Skaff dei sommarjobb så dei ikkje blir borte når sesongen er over, seier han. (Foto: SkiGeilo)

– Må få sesongarbeidarar til å bli heilårshallingar

Kevin Eikrehagen i SkiGeilo kjem med eit nytt og kreativt innspel til å auke folketalet i Hallingdal.

– Me må ta vare på sesongarbeidarane, og skaffe dei arbeid resten av året. Det kan også auke folketalet i Hallingdal, seier han.

Eikrehagen meiner me må bli flinkare her i regionen til å ta vare på sesongarbeidarane. Resepten er å skaffe dei arbeid heile året. Då minskar faren for at dei reiser for godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Må ta vare på dei

– I SkiGeilo har me 32 fast tilsette og 100 sesongarbeidarar. Mange er svært dyktige og likar seg godt her. Me må ta vare på dei, for me vil gjerne vil ha tilbake neste år, så me slepp å lære opp nye. Men dei reiser om ein månads tid, og det er uvisst om dei kjem att, seier Eikrehagen.

Les også
Hallingdal tilbyr jobb på digital jobbmesse

Han er rimeleg sikker på at mange hadde vorte her over sommaren dersom dei hadde hatt sommarjobb.

– Mange av dagens geilingar kom hit som sesongarbeidarar i skisenter og på hotell. Dei vart verande fordi dei fekk sommarjobb gjennom folk dei vart kjende med, seier han.

– Låner dei gjerne bort

Eikrehagen meiner sesongarbeidarane må få tilbod i god tid før dei reiser.

– Kommunane og næringslivet må bli flinkare til å vera tidleg ute med å lyse ut etter sommarvikarar og sommarhjelp. Sesongarbeidarane våre gjer ein utruleg god jobb. Dei er unge og fleksible og kan brukast til mangt. Eg vil ha dei tilbake, men låner dei gjerne bort om sommaren, seier Kevin Eikrehagen.

«Heilårshallingar»

Han trur også det ville bli ein vinn-vinn situasjon å skaffe sesongarbeidarar jobb heile året.

– Folketalet går ned. Å få sesongarbeidarane til å bli «heilårshallingar», vil føre til at me aukar folketalet, seier han.

Les også
– Ein god idé og reelt behov

– Korleis kan ein få oversikt over behovet over heile året?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Behovet må synleggjerast, organiserast og setjast i system. Det må skje i samarbeid mellom kommunane, næringslivet og destinasjonane. Kanskje Hallingdal Næringshage kan hjelpe til med å samordne det?

Les også
Forbod i EU kan bli gullgruve for WOPAS