Luftige svev under Big Air og NM på snowboard på Geilo i sist helg. No får skisenteret pris for brettparken.

Her har dei landets beste snøbrettpark: – Det er nye idear og planar på teikneblokka

Andreas Håtveit var ein framifrå skikøyrar. Saman med SkiGeilo lukkast han ganske bra som sjef for brettparken også.

Så godt at Brettforbundet (tidlegare Norges Snowboardforbund) kåra parken til skisenteret til årets park i 2021. Utdelinga skjedde under NM i Uvdal og Geilo i helga.

– Utruleg artig, seier parksjef Andreas Håtveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir på gang

Han vart tilsett som parksjef i SkiGeilos anlegg i fjor.

– Det var første gong eg skulle planlegge og bygge ein park av denne skalaen, noko som har vore både utfordrande og moro. Læringskurva har vore veldig bratt.

Håtveit seier han har mykje å lære, men håpar og trur dette berre er starten.

– Det er nye idear og planar på teikneblokka.

Andreas Håtveit er parksjef i SkiGeilos anlegg.
Les også
Geilo-medaljar i fleng i NM - storeslem i open klasse
Les også
Satsa tungt i den tunge tida: – Bestemte oss for at hjula skulle rulle sjølv om det vart minus
Les også
Satsar stort med ny klatrepark: - Me har valt ut det beste av installasjonar

Lagt merke til

Dagleg leder Kevin Eikrehagen i SkiGeilo er ikkje mindre fornøgd. Prisen, som vart delt ut under NM-banketten på Vestlia Resort, set dei høgt.

– Me har eit fantastisk parkcrew med parksjef Andreas Håtveit i spissen. Det er flott at dette blir lagt merke til av Brettforbundet og utøvarar.

Dagleg leiar Kevin Eikrehagen i SkiGeilo er svært fornøgd med at skisenteret får pris for satsinga på snøparken.

Eikrehagen seier det er ekstra artig å få prisen når det blir satsa stort på rekruttering til brettsporten på Geilo.

– Utruleg artig å sjå at me handterer heile spekteret frå park for nybegynnarar til NM-park for svært gode utøvarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Streiken avverga: – Men det blir nok eit tøft lokalt oppgjer
Les også
Mari (15) vart beste hallingjente under Hovudlandsrennet
Les også
Taaje fekk sin første kamp i Eliteserien - gjorde ein strålande debut