Satsar stort med ny klatrepark: - Me har valt ut det beste av installasjonar
SkiGeilo bygger ny klatrepark i Vestlia. Det betyr også at Høyt & Lavt-konsernet etablerer seg i bygda.
Det blir tredje Høyt & Lavt-parken i Hallingdal etter Ål og Hemsedal.
– Me satsar på opning i fellesferien, seier sals- og bookingsjef i SkiGeilo, Unni Nymoen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skarvetårnet
Midtvinters er det ein god sommarnyheit SkiGeilo melder om. Nymoen seier det er stas at dei får Høyt & Lavt til Geilo.
– Med den nye parken kan me styrke heilårsposisjonen. Det er kjempeartig at me bygger opp sommartilbodet.
Klatreparken i Vestlia skal erstatte den gamle som i si tid var blant dei første i landet.
– Parken blir stor, og me har valt ut det beste av installasjonar. Det blir fleire linjer for ulike nivå, seier Nymoen, og lanserer også ein heilt spesiell installasjon.
– Me bygger eit tårn på 15 meter. Det har fått namnet Skarvetårnet.
– Kor mykje investerer de i parken?
– Det er ein betydeleg sum, seier Nymoen.
I vekst
Høyt & Lavt har 26 klatreparkar i Norge og Sverige. Ifølgje Dagens Næringsliv hadde konsernet 300.000 besøkande i klatreparkane utandørs i fjor. 60.000 besøkte innandørsanlegga. Totalt var omsetninga i 2021 på 105 millionar kroner. Opninga av den nye parken på Geilo er ein av iallfall fire nye i 2022.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hans Christian Wilson stifta i si tid selskapet. Han seier dei no gir «full gass» med Geilo-prosjektet.
– SkiGeilo har kontakta oss med spørsmål om å bygge. For eigen del synest eg det er ekstra stas ettersom eg har vore med familien på hytta på Ustaoset i alle år.
Wilson har tru på at det nye tilbodet vil styrke både Geilo og heile regionen sommarstid.
– Hallingdal er ein destinasjon. Mykje aktivitet vil styrke alle.