Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Totalt tafatt av ein pressa samferdselsminister

«Det ligg føre ein kommunedelplan». Slik svara samferdselsminister Jon-Ivar Nygård før helga, om planlegginga av dobbeltsporet til Fredrikstad. Svaret kom under morgonsendinga på NRK P2.

Bakgrunnen var at Trond Helleland frå Høgre spurde korleis han såg på at det til no var nytta meir enn to milliardar på å førebu veg og bane til Ringerike.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to milliardane vil sjølvsagt ikkje vera bortkasta, om det berre blir veg - viss reguleringsplanen kan nyttast - men at det blir sanselaust kostbar vegplanlegging er det ingen tvil om.

Jon-Ivar Nygård har også grunngjeve kuvendinga han no gjer, med «faglege argument». Hallingdølen har tidlegare fått stadfesta frå Bane Nor at dei ikkje har kome med nye argument inn mot denne runden.

Les også
Helleland har trua: – Mykje nærare ei avgjerd om Ringeriksbanen enn på lenge

Dermed står me med ein statsråd som syner til nye argument som ikkje finst, og som likestiller ein skarve kommunedelplan med årelangt planleggingsarbeid, verd meir enn to milliardar kroner.

Det heile verkar desperat. Me trur Jon Ivar Nygård er sterkt pressa på heimebane i Fredrikstad. Ei av årsakene er at bygginga av bane i Østfold har køyrd seg fast i leirgrunnen ved Moss.

Les også
Jublar for jernbane-fleirtal: – Regjeringa sitt håplause forslag om å setje Ringeriksbanen på eit sidespor er torpedert

Banen gjennom Moss skulle koste seks milliardar. Prisen for ti kilometer spor og ny stasjon er no oppe i 30 milliardar. Forsinkelsane knytt til prosjektet står naturleg nok i stil. 2024 har vorte til 2030.

Det nye dobbeltsporet nedover frå Råde skal rett nok leggast på fjellgrunn, men før eller seinare kjem ein inn mot Fredrikstad. Der er leire ein problematikk ingen gravearbeid kjem utanom.

Grunnproblema i nabobyen fører naturleg nok til at tida ikkje arbeider for ny bane og stasjon i Fredrikstad. Det finst då også østfoldingar som tek til orde for bane direkte mellom Råde og Sarpsborg.

Me skal ikkje godte oss over lokale stridigheiter. Men me reagerer sterkt på at problema i Østfold skal føre til at planlegging for meir enn to milliardar på Ringerike risikerer å bli kasta over bord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det same gjer partia, som no har gjort opprør mot Nygård sitt sololøp. Reaksjonen vil truleg føre til at heile Stortinget, også deler av Ap, ser det absurde i handlemåten til samferdselsministeren.

Opprøret me no har sett har imidlertid ein stor svakheit. Det har resultert i ei «handleliste» av samferdselsprosjekt, som neppe er realistisk.

Me hadde ynskt oss strammare prioritering, der ein legg vekt på å få mest mogleg ut av pengar som allereie er nytta. Kompromisset som no er på veg er, utan tvil, romsleg nok til å vera sårbart for nye ministersprell. Også frå ei eventuell ny regjering.