Trond Helleland (H), flankert av Mona Fagerås (SV) og Geir Jørgensen (R) under pressekonferansen i Vandrehallen i Stortinget onsdag.

Jublar for jernbane-fleirtal: – Regjeringa sitt håplause forslag om å setje Ringeriksbanen på eit sidespor er torpedert

Høgre, Frp, Venstre, KrF, SV og Rødt er samde om å vidareføre Ringeriksbanen som fellesprosjekt for veg og bane.

Det vart klart då partia heldt ein felles pressekonferanse i Stortinget onsdag klokka 17:00.

– Dette betyr enormt mykje for mange. For Ringerike, Hallingdal, Bergen og Vestlandet, sa Trond Helleland (H) under pressekonferansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er ordlyden i semja rundt Ringeriksbanen:

«Stortinget ber regjeringen videreføre Ringeriksbanen og ny E16 Skaret-Hønefoss (FRE16) som et fellesprosjekt for å sikre den økonomiske nytten og bærekraften i prosjektet.»

– Ny ørkenvandring

Det var Helleland som presenterte kva opposisjonen og SV hadde blitt samde om under onsdagens pressekonferanse. Han innleia med ein smule historikk:

– Som de veit, har Ringeriksbanen vore diskutert og planlagt sidan 50-talet. Førre regjering jobba også med det, og no er det gryteklart. Dei statlege reguleringsplanane er fullført, dette er mogleg å få til - men det manglar ei beslutning, sa han.

Dette er prosjekta SV og opposisjonen no vil ha inn att i NTP

Vestfoldbanen

Ringeriksbanen som fellesprosjekt

Ofotbanen

Rv19, Moss

Majorstuen stasjon i første del av planperioden

Rv15, Strynefjellet

Stortinget ber også regjeringa styrke finansieringa til fylkesvegar

Deretter følgde Helleland opp med å poengtere at Ringeriksbanen vil korte ned reisetida mellom Oslo og Bergen med ein time, at det vil bety mykje for særleg Ringerike som ein pendlarregion og ikkje minst at det vil ta vekk trykket på E16 som «dødsvegen».

– Om me hadde splitta dette prosjektet, og gjort ei fullstendig avsporing slik regjeringa legg opp til, ville dette blitt ei ny ørkenvandring for Ringeriksbanen, sa han.

Står att mykje arbeid

Kathy Lie frå «nøkkelpartiet» i forhandlingane, SV, er godt nøgd med å ha blitt samd med opposisjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– SV har nok ein gong sikra at prosjektet blir halde samla, seier ho.

– Det står att mykje arbeid før me kan stikke spaden i jorda, men det var avgjerande for oss å sikre at det ikkje vart motorveg utan bane. Og at Ringeriksporteføljen faktisk står i NTP, seier ho.

Trond Helleland (H), Mona Fagerås (SV), Frank Sve (Frp), Geir Jørgensen (R), Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og André N. Skjelstad (V) fortalde onsdag kva dei hadde blitt samde om.

– Betyr dette at de ikkje har sagt noko om pengar eller tidspunkt for bygging?

– Ikkje i denne einigheita. Men det står att forhandlingar om ein del detaljar før saka blir sendt frå komiteen 12. juni.

Nasjonal transportplan blir endeleg vedteken i Stortinget 19. juni.

– Ein siger

Knut Arne Gurigard og Ringhall-alliansen jublar over nyheita om at Ringeriksbanen held fram som fellesprosjekt.

– Dette er ein siger for Bergensbanen, Hallingdal, Ringerike og aksen Oslo - Bergen. Regjeringa sitt håplause forslag om å setje Ringeriksbanen på eit sidespor er torpedert, slår han fast.

Knut Arne Gurigard jublar for dagens nyheit frå SV og opposisjonen.

Han fortel at det har blitt jobba mykje og godt frå mange ulike aktørar i både Hallingdal og på Ringerike den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Honnør til SV, H, Frp, V, Krf og Rødt, som no er garantisten for at Ringeriksbanen er på skinner.

– Ein stor dag

– Dette har vore ein stor jobb, seier Morten Wold (Frp) frå Buskerud.

Han er glad for fyrst å ha fått fleirtal for ei Ringeriksbane-satsing i eige parti, og no gjennom samarbeid med andre parti.

Han minner om at ein i vedtaket ber regjeringa sikre den økonomiske nytta og berekrafta i prosjektet, og viser i den samanheng til innsparingar Nye Veier har gjort gjennom utgreiing.

Sjølv om det ikkje følgjer finansiering med, er dette eit vedtak frå eit fleirtal i Stortinget som regjeringa ikkje kan neglisjere, seier Wold.

– Dette er ein stor siger og ein stor dag for alle som har jobba og trudd på prosjektet.

– Ikkje til å tru

Nestleiar i KrfF, Dag Inge Ulstein, seier KrF meiner Ringeriksbanen kan starte i løpet av få år.

– Det har alt blitt brukt ni milliardar offentlege kroner til alt frå planlegging, investeringar i vatn- og kloakk, skuler og barnehagar for å støtte opp om Ringeriksbanen, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

I innspurten til Nasjonal transportplan har også dobbeltspor til Fredrikstad stått sentralt. Det vil regjeringa bygge, sjølv om prosjektet langt frå er ferdig utgreidd.

– Det er eigentleg ikkje til å tru at Arbeiderpartiets samferdselsminister skrota Ringeriksbanen til fordel for ein togtrasé på kvikkleire i sitt eiget nabolag i Østfold, seier Ulstein.

Rødt er med

Også Rødt er med i fleirtalet for Ringeriksbanen.

– Regjeringa ville berre bygge ny E16 på Ringerike. No sikrar me at det ikkje skal byggast veg utan at det også blir bygd jernbane. Det kortar ned reisetida til og frå Oslo med éin time, seier Geir Jørgensen (R), transportpolitisk talsperson i partiet.

Les også
Lite imponert over SV og opposisjonens veg og togplan: – Det er uansvarleg

Han innrømmer samtidig at saka er vanskeleg for partiet.

– Ein trasé gjennom eit naturreservat er verkeleg ikkje noko draumescenario. Men alternativet, at det berre blir bygd veg der, er verre. Skal fleire velje tog framfor fly og bil, må reisetida ned og antal avgangar opp. Det får me til no, seier Jørgensen.

SV braut med regjeringa

Ringeriksbanen har vore eit sentralt tema i forhandlingane SV fyrst har hatt med regjeringspartia Ap og Sp, og no dei siste dagane med opposisjonspartia.

Fredag braut SV forhandlingane med regjeringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

SV har kjempa for fleire jernbaneprosjekt, deriblant Ringeriksbanen. Regjeringa derimot har foreslått å sende Ringeriksbanen ut av Nasjonal transportplan, og berre bygge veg mellom Skaret og Hønefoss.

Det fekk SV til å tordne mot regjeringa. Partiet kalla det avtalebrot, og synte til semje mellom SV og Ap hausten 2022 om at Ringeriksbanen skulle behaldast som fellesprosjekt.

Les også
SV bryt forhandlingane om Nasjonal transportplan - søker fleirtal hjå andre