N/A: Kraftu000dStraumu000dStrømu000dStraumpris

Total mangel på tillit til kraftpolitikken

Før helga var det nok ein kraftdebatt på NRK-sendinga Nyhetsmorgen. Under leiing av dyktige Astrid Randen, vart energistatsråd Terje Lien Aasland, Ap, grilla om straumprisane. Det vart ein reprise, der statsråden truleg held varmen godt i studioet.

Det skal då også god kondisjon til for å forsvare straumprisane, og ordningane som ligg til grunn for denne. For når snittprisen svingar seg opp i 4.50 øre pr. kilowattime, med topp på sju kroner, skjønar hushaldningane at noko er urimeleg. Dei fleste har også fått med seg at produktet dei kjøper, frå ei bedrift dei sjølv eig, kostar 11 øre å produsere.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg kjem verknadene kraftprisen har på prisnivået. Det er vanskeleg å lage ei rettferdig kraftstøtte til næringslivet, og dei fleste betalar framleis full pris. Dette må takast att på salsprisane, og den fulle prisen, det er den forbrukarane betaler.

Både energistatsråden, og statsministeren, syner imponerande fastheit i ei sak som ser meir og meir håplaus ut for Arbeiderpartet. Argumenta om at tilknytinga til den europeiske kraftmarknaden er ei velsigning for oss, går ikkje heim hjå veljarane.

Statsråden forsikrar at det ikkje finst ein rask reparasjon, som kan ordne prisnivået. Me tvilar litt. Alternativa er, mellom anna, meir straumstøtte, fastpris på straum, eller meir styring av magasinfyllinga, der lagerkapasiteten blir nytta slik den var tenkt.

Også det sistnemnde kostar pengar. Me er overtydd om at hushaldningane er viljuge til å betale for denne forma for prissikring. Alternativet har synt seg å fungere dårleg dei siste to åra.

Omsynet til Europa, er det andre kronargumentet til regjeringa. Terje Aasland seier til Klassekampen at han meiner me vil stå svakare, dersom me tenker berre på Norge.

Dette er demagogi. Me leverer gass til Europa, og me leverer straum til Europa. Me kjem framleis til å gjere det, og det er ingen med vetet i behald, som meiner noko anna.

Men det er mogleg å ha to tankar samtidig. Uansett eksportinntekter, så er det å sikre eigen befolkning det dei oppfattar som rimelege levevilkår, det heilt grunnleggande for ei kvar regjering. Me må tillate oss å ta omsyn til eiga forsynings- og prissikkerheit.

Dei fleste har sett dette no i vekene før jul. Med temperaturar ned på 20-talet frå Fyresdal til Folldal, skjønar alle at me treng straum til leveleg pris. Heile infrastrukturen i landet er bygd opp slik. Straum er ein del av fellesskapet her til lands.

Artikkelen held fram under annonsen.

I vinter opplever fleire og fleire at dei står åleine og betaler ågerpris til ein sektor som sopar inn milliardar. Politisk står dei to regjeringspartia åleine med misnøyen. Det siste er urettferdig. Heile Stortinget har vore med på dette.

Denne veka bør difor Astrid Randen kalle inn Erna Solberg til politisk kvarter. I dag sit ho stille og surfar inn gode galluptal på den største bølga av misnøye norsk politikk har opplevd på mange tiår.

Les også
Kronikk: Fakta om krafta vår
Les også
Almisser til folket løyser ikkje det grunnleggande