Almisser til folket løyser ikkje det grunnleggande

Kraftprisane me slit med skuldast korkje lite vind, lite vatn eller kostbare Co₂ kvotar. Grunnlaget for situasjonen finn me i ein serie politiske vedtak gjort frå tidleg på 90-talet og fram til no.

Det me ser er resultatet av at rikspolitikarane har mista av syne ein del av det grunnleggande ved landet dei styrer. Det er eit kaldt klima der befolkninga treng varme. Det er eit avsides land der bedriftene treng betingelsar som veg opp for store fraktkostnader ut til marknaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

I oppbygginga av landet før og etter andre verdskrigen var det sjølvsagt å ta omsyn til dette. På det viset vart det skapt eit samfunn som hang saman. Det var samanheng mellom lønningar, prisar på varer og energiprisen. Stabil og overkommeleg pris på energi var eitt av grunnlaga for å starte produksjon.

Situasjonen me har no trugar alt dette. Det seier seg sjølv at når prisauken på straum, for ein lågtløna, overstig to års lønsauke, så får det konsekvensar for den økonomiske balansen i samfunnet.

Med dette som bakgrunn blir det også klart at vegen til mindre forbruk av straum må gå gjennom godt politisk handverk. Ein vinn ikkje vener for miljøsaka ved å overlate befolkninga til ein marknad som ikkje har auge for folks levekår.

Diverre fryktar me at dette har vore utanfor tankebanane til dei fleste av stortingsrepresentantane, som opp gjennom åra har vore med på ferda, utan å vurdere nærare kva veg det bar.

For drivkreftene bak utviklinga har det vore viktig at kraft skal handsamast som andre varer. Nå marknaden får bestemme prisen, får me ei effektiv utnytting av den økonomiske ressursen som krafta utgjer.

Argumentet er isolert sett heilt rett. Men det er etter vårt syn like rett å si at det er god ressursutnytting å sikre ein straumpris som gjer det attraktivt å bu, og drive næring, i heile landet. Andre land har sine fordeler, og me må kunne tole, og forsvare, at også me har naturgjevne fortrinn.

Dette handlar rett og slett om eit val, der me meiner politikarane har vald å styre krafta feil veg.

Nett no har me framleis i vente å få vite kor mykje styringsrett over nasjonale ressursar dei ulike regjeringane har sleppt frå seg. Svara om kva som er att av «handlingsrom», har til no vore vage, unnvikande og prega av usemje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me tviler uansett på at dei som har drive fram vedtaka som er gjort, no meiner at dei har gjort feil val. Det er kanskje like sannsynleg at haldninga er at politikken er rett den, det var berre så synd at det slo litt vel hardt ut no.

Løysinga som er vald avspeglar dette. Almisser skal dempe misnøyen. Kanskje ligg håpet i at når me neste gong har høge, men ikkje fult så høge straumprisar, så vil kanskje folk seie at; det er ikkje så gale som sist. For det er no ein gong slik, at heller ikkje politikk er utan tilfeldigheiter.

Tilfeldig er det også at det er Senterpartiet og Arbeiderpartiet som blir plaga, og no må stå til ansvar. Det kunne like gjerne vore den forrige, eller ei heilt annan regjering. Dei fleste har vore med på ferda.

Dermed er det trygt å rekne med at det mest intense arbeidet hjå partia som no er i opposisjon, i hovudsak handlar om korleis gå klar. Ikkje om å løyse problemet.