Frå pressekonferansen til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i mars då han fortalde at Ringeriksbanen var ute av Nasjonal transportplan, men at regjeringa ville splitte prosjektet og bygge veg mot Hønefoss. T.v. leiar i transportkomiteen på Stortinget, Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og stortingspresident Masud Gharankhani (Ap).

Sviande nederlag nummer to - men det er nok no!

Når ein steinhøgg ein gong, er det sjeldan lurt å prøve ein gong til.

Det er det regjeringa no har gjort, med same resultat. Ap og Sp blir instruert av eit fleirtal på Stortinget som seier nei til å splitte fellesprosjektet Ringeriksbane og ny E16 mellom Skaret og Hønefoss.

Regjeringa prøvde fyrst hausten 2022, men måtte gi seg i budsjettforhandlingane med SV. Men i staden for å legge avtalen med SV til grunn, prøvde dei seg med eit hakket frekkare grep i forslaget sitt til Nasjonal transportplan. No skulle den ferdig planlagde Ringeriksbanen ut av heile planen, mens ein ville kome i gang berre med ny veg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men også vegsatsinga var tynn. Regjeringa kunne ikkje svare på om vegbygginga kunne starte med eksisterande reguleringsplan, og såg heller ingen grunn til å finne ut av det før Stortinget behandla saka.

Slikt er lite imponerande handverk.

Les også
Jublar for jernbane-fleirtal: – Regjeringa sitt håplause forslag om å setje Ringeriksbanen på eit sidespor er torpedert

For Ap og Sp er det som skjedde i Stortinget onsdag eit stort nederlag. Regjeringa satsa høgt på ikkje å realisere Ringeriksbanen, sjølv om prosjektet er ferdig utgreidd og prioritert av fagetatane. Alt i Hurdalsplattforma la dei grunnlaget for det dei i ettertid har levd opp til. Der skriv regjeringa nemleg at dei vil oppretthalde ambisjonane om InterCity-utbygginga på Austlandet som Stortinget vedtok i 2013. På dette tidspunktet var ikkje Ringeriksbanen ein del av Inter City, det kom seinare.

Regjeringa har altså ikkje villa jobbe for ein firearma Inter City, med Ringeriksbanen. I staden reverserte dei til Inter City anno 2013, altså ei satsing utan Ringeriksbanen.

Det er dette dei har styrt etter. Ikkje tidlegare lovnader og valkamp-garantiar om rask oppstart av Ringeriksbanen.

Men fleirtalet på Stortinget ville det annleis. Vedtaket frå ein samla opposisjon minus MDG er eit så sterkt signal at ei regjering - anten med Ap/Sp eller borgarlege parti - ikkje kan trenere Ringeriksbanen lenger.

Les også
Lite imponert over SV og opposisjonens veg og togplan: – Det er uansvarleg

Regjeringa seier i kommentarane sine at opposisjonen er uansvarleg når dei legg Ringeriksbanen og andre prosjekt inn i NTP utan å ha finansieringa klar. Det kan ein godt meine. Det står likevel att å forhandle fram detaljar i transportplanen inntil innstillinga kjem frå transportkomiteen 12. juni og endeleg behandling 19. juni.

Regjeringa hadde råd til 13 milliardar til veg mot Hønefoss. Med dei pengane kjem ein i gang med Ringeriksporteføljen. Så går det for eksempel an å omdisponere 23 milliardar frå dobbeltspor til Fredrikstad, eit prosjekt som ikkje ein gong er utgreidd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då er ein ikkje langt unna å ha finansiert satsinga på det aller viktigaste tiltaket for ein ny og framtidsretta Bergensbane.

Stortinget har for andre gong - og tydelegare enn nokon gong før - slått fast at Ringeriksbanen skal byggast. Det må ei regjering forhalde seg til.

For Ap og Sp må det vera langt smartare enn å steinhogge ein tredje gong.