Palmehelga då heile Hallingdal mista pusten

Det verste har skjedd, og det har skjedd hjå oss. Torpo er Hallingdal og katastrofen som har skjedd er som ein eksplosjon som rammar langt ut over bygda mellom Ål og Gol. Svært mange har ein link, sterk eller svak, til nokon av dei råka. I tragedien kjenner fleire at linken dei har kanskje er sterkare, enn kva dei elles hadde trudd.

Torpo har vorte ramma tidlegare. Også i nyare tid. Ei ulykke på riksvegen ved Torpo kravde i haust livet til tre som var på veg gjennom dalen. Ein husbrann i 2013 kravde livet til ei ti år gamal jente. I 2022 omkom ein ung mann i ei tragisk UTV-ulykke på Torpoåsen. Siste året opplevde to mindreårige barn at begge foreldra deira gjekk bort i sjukdom. Med fire brutale dødsfall no i palmehelga er det ikkje feil å karakterisere bygda som urimeleg hardt råka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mangeårig rektor ved skulen i bygda, Per-Egil Kolsrud, seier til Hallingdølen at han meiner Torpo eigentleg er eit ganske sterkt lokalsamfunn. - Det er klart at det som har skjedd no tappar oss for krefter. Men eg trur kanskje likevel at me kjem styrka ut av slike situasjonar. For me må jo prate om det, og me må jo halde oss samla, seier Kolsrud.

Les også
Han kjenner bygda betre enn nokon: – Det er så ufatteleg trist. Ufatteleg at det går an

Rektoren har rett. Torpingane har ikkje noko alternativ. Folk i bygda, og folk utanfor med band til det som har skjedd, må halde saman. Ingen får det betre av å tumle med tankane sjølv. Ingen menneske er ei isolert øy. Me er alle avhengig av andre menneske for å halde oss oppegåande. Ei ørlita trøyst i denne tragedien er faktisk at torpingane er kjent for sterkt samhald, og god tone, i bygda. Det er gull nett no.

Påska blir annleis på Torpo i år. Tonen i bygda blir lågmælt, men kanskje meir inderleg. Folk på Torpo er flinke til å nytte det flotte fjellområdet sitt. Det blir difor påske på Torpoåsen også. Den blir berre annleis. Denne gongen blir det «Den stille veka». Ei påskeveke som vil koma fram att i minnet, i mange, mange år framover.

Tragediar som denne løyser alltid ut ein del av samfunnsmaskineriet som me heldigvis ikkje ser til dagleg. Politi og helsevesen veit nøyaktig kva dei skal gjere. Den kommunale kriseberedskapen like så. Kyrkja er ein viktig støttespelar, og det same er skular og arbeidsplassar som er råka. Media har ei viktig rolle i å etterspørje, og formidle, mest mogleg informasjon. Det er ei solid forsikring mot dei alltid usunne rykta.

Det store apparatet av ulike samfunnsledd som me her snakkar om har eigentleg berre éin grunnleggande funksjon. Å legge til rette for sorga som kjem. Å styre denne inn i eit rett spor vidare. Midt i tragedien er det vanskeleg å tenke på eit begrep som konstruktiv sorg. Men i ettertid vil arbeidet som starta sundag, og som framleis er i gang, ha gjort livet med tragedien litt lettare. Det same vil innsatsen torpingane har gjort, og framleis gjer, for kvarandre. Det er bra. For tragedien, sorga og saknet handlar berre om ein ting. Livet.

Les også
Etterforskar saka som drap og sjølvdrap