Garden Arnfinhaugen på Torset i Hemsedal vart seld for 7,3 millionar, vel to millionar over takst.

Oppmjuking som vekkjer oppsikt

Bruket Arnfinhaugen i Hemsedal er selt for to millionar kroner over landbrukstakst. Utval for natur og næring i Hemsedal kommunestyre har godkjend salet med knapt fleirtal.

Det er ikkje oppsiktsvekkande at nokon i dag er innstilt på å betale to millionar over landbrukstaksten for å sikre seg ein attraktiv eigedom. Ikkje minst når salssummen trass alt ikkje går høgare enn 7,3 millionar kroner. Å bu romsleg og landleg, halde jorda i hevd ved bortleige, og kanskje gi rom for litt lettare dyrehald, er draumen for svært mange.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hemsedal er ei turistbygd, men landbruket står framleis botnsolid. Det er difor noko oppsiktsvekkande at politikarane seier ja. Den sjølveigande og buande bonden er framleis idealet, sjølv om mykje har endra seg dei siste åra. Større einingar basert på innleige av jord frå dei som ikkje driv er på ingen måte uvanleg.

Målet med konsesjonslova er å verne om den sjølveigande bonden. Eit bruk er ikkje berre ein eigedom. Det er også ein arbeidsplass. Lova skal sikre at desse arbeidsplassane ikkje kostar meir, enn at det også skal vere råd å leve av bruket etter at kjøpet er gjort. Ikkje minst er lova meint å hegne om familiebruka.

Konsesjonslova er både omdiskutert og, til tider, truga. Hausten 2014 sende dåverande landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) til høyring eit framlegg om fri omsetnad av gardsbruk, fri prissetjing og inga buplikt.

Les også
Garden vart seld 40 prosent over takst, men sklei rett gjennom priskontrollen: – I dag tapte landbruket så det song

Statsråden steinhøgde. Regjeringspartnarane Kristeleg Folkeparti og Venstre ville ikkje vera med på dette. Det snodige var at Listhaug i førevegen hadde kunngjort for kommunane, at pris ikkje lenger skulle tilleggjast avgjerande vekt ved sal av landbrukseigedommar.

I Hallingdal og Numedal sa alle kommunane den gongen klart nei til å fjerne konsesjonslova og buplikta. Eitt av momenta var frykta for at prispress på landbrukseigedommar ville gjere det uråd for ungdom å kjøpe seg eit gardsbruk. Eit anna moment var frykta for at utanlandske maktkonsern med tida ville kjøpe opp norsk landbruk.

Saka frå Hemsedal handlar ikkje direkte om konsesjonslov eller ikkje. Den handlar om bruken av lova. Då er det viktig å ha med seg at heller ikkje bruken av lovverket, alltid er uskuldig moro. Liberale unntak frå lokalpolitikarar i Hemsedal, og andre stader, vil over tid, vera steg på vegen vekk frå det, til no, strenge regimet i slike saker.

Det er ingen tvil om at mange ynskjer i oppmjuking. Det er ei ærleg sak. Vidare er det også sider ved konsesjonslova som det kan vere fornuftig å sjå nærare på. Ikkje minst gjeld dette omsetninga av dei minste eigedommane.

Me meiner dette i så måte er arbeid som bør gjerast i Stortinget. Ei endring av lov, forskrift og tolking på Løvebakken, vil utan tvil bli utsett for ein breiare prosess, enn det enkeltkommunar har høve til å gjennomføre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Handelen i Hemsedal vil truleg bli klaga inn til statsforvaltaren. Der får me det fyrste svaret på om det kommunale utvalet har vore for liberalt i denne saka.

Les også
Aksjeselskap fekk avslag: Får ikkje konsesjon på fjelleigedom
Les også
I tidlegaste laget