I tidlegaste laget

PRISANE på landbrukseigedommar som blir omsett har stege kraftig den siste tida. Verdistigninga er så stor at enkelte eigedommar, i fylgje Nationen, har vorte spekulasjonsobjekt.

TRADISJONELT har prisnivået på slike eigedommar vore stabilt. Årsaka er konsesjonsreglane som sørger for at eigedommane ikkje kostar meir enn det er mogleg for ein bonde å forrente gjennom gardsdrifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

DESSE reglane gjeld framleis. Det nye er at den noverande regjeringa tidleg kom med eit lovforslag om å oppheve priskontrollen. Dette møtte motstand i Stortinget og landbruksminister Sylvi Listhaug måtte trekke framlegget i påvente av handsaminga av heile konsesjonslova.

STATSRÅDEN er imidlertid optimistisk med tanke på å endre lova. Så optimistisk at ho før jul i 2013 sende brev til kommunane om at pris ikkje skal tilleggjast avgjerande vekt ved omsetning av landbrukseigedommar.

BÅDE kommunane og landbruksdirektoratet tek statsråden på alvor. Overfor Nationen innrømmer direktoratet meir eller mindre at dei har lagt om praksisen. Difor ender salsprisane, som no blir godtekne av styremaktene, høgare enn det dei vedtekne retningslinene tilseier.

OPPOSISJONEN på Stortinget likar ikkje slikt. Dei vil at Stortinget skal avgjere før nye ordningar blir sett ut i livet. Martin Kolberg (Ap), som leier kontrollkomiteen, har varsla at han vil ta saka opp på ny. Ap sitt syn er velkjent. Det er KrF og Venstre det knyter seg spenning til.

UANSETT så hastar det. For kvart gardsbruk som blir omsett etter dei nye signala, vil det bli meir vanskeleg å reversere praksisen. Ved ei innstramming vil nye seljarar vil kunne klage over forskjellsbehandling. Difor har Stortinget dårlegare tid enn statsråden i denne saka.

DET er prinsippet om den sjølveigande bonden som ligg til grunn for striden. Utan priskontroll fryktar Listhaug sine motstandarar at internasjonale matkonsern og annan pengemakt kjøper opp gardsbruka. Den unge bondespira som ynskjer å leve av eit bruk vil ikkje kunne konkurrere.