Ny katastrofe for Ringeriksbanen

Endå ein gong blir Ringeriksbanen køyrd inn på eit sidespor. Endå ein gong skuldast dette ein politisk hestehandel, og endå ein gong skuldast dette ein samferdselsstatsråd frå Arbeiderpartiet.

For meir enn tretti år sidan handla hestehandelen om å legge stamvegen mellom aust og vest via Valdres og Lærdal. Det var Indre Sogn som var målet for statsråd Kjell Opseth. Han sikra seg den politiske støtta til veg i eige fylke gjennom eit tomt løfte om Ringeriksbanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne gongen har statsråd Jon-Ivar Nygård sikra seg pengar til å grave milliardar ned i nytt dobbeltspor i heimfylket Østfold. Dobbeltsporet på leirgrunnen austover frå Råde endar i heimbyen hans Fredrikstad. Den politiske støtta har han sikra seg vestpå. Veg og bane skal rustast opp mellom Arna og Stanghelle.

Me tek meir enn gjerne feil, men reknar allereie no med at Nasjonal transportplan, som blir lagt fram fredag, ikkje inneheld pengar til Ringeriksprosjektet. Då hadde budsjettlekkasjen vore klar allereie før helga, slik den vart presentert for storprosjekta i Østfold og Vestland.

Om det likevel skulle slumpe nokre millionar til meir planlegging på Ringerike, så vil det i praksis vere null i dette milliardspelet.

Les også
Nygård vil bruke 23 milliardar på dobbeltspor mellom Råde og Fredrikstad

Det er ein sterk allianse som no blir teikna opp på kartet. Både nedre Glomma, som Fredrikstad er ein del av, og ikkje minst Bergen, tel tungt i folketal, og dermed stemmer. Ein allianse her blir sterk.

Her er me ved kjernen i saka om Ringeriksbanen, og tilhøyrande vegløysing fram til Hønefoss. Det har ikkje lukkast dei to regionane å etablere alliansar som står seg støtt nok til å få drivi fram Ringeriksprosjektet.

Alliansane som krevst for å nå fram i store samferdselssaker må vere tunge nok, og ikkje minst tverrpolitiske nok, til å stå seg gjennom både val og regjeringsskifte. Ikkje minst må dei tole hyppige skifte av leiing i Samferdselsdepartementet.

Det er all grunn til å vere skuffa over regjeringa til Ap og Sp no. Ringeriksprosjektet er utgreidd, vurdert og kalkulert oppetter alle stolpar og veggar. Det einaste som manglar er politisk vilje, og ikkje minst, evne til å opptre anstendig overfor lovnader gjeve av mange regjeringar over fleire år.

Me ser framleis ingen grunn til at me skal gje slepp på kravet om innkorting av jernbanesambandet mellom Oslo og Bergen, og bygging av skikkeleg veg heilt til Hønefoss. Alt anna vil vera å gå baklengs inn i framtida. Slikt nektar me å vere med på, sjølv etter snart 35 år med skuffelsar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
LO pressar på for Ringeriksbanen: – Vårt viktigaste samferdselsprosjekt