Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) vil bruke 23 milliardar på dobbeltspor mellom Råde og hans eigen heimkommune, Fredrikstad. Arkivfoto.

Nygård vil bruke 23 milliardar på dobbeltspor mellom Råde og Fredrikstad

Østfold kan vente seg storsatsing innan samferdsel. Regjeringa vil bygge dobbeltspor mellom Råde og Fredrikstad.

Det er NRK som melder dette.

Samferdselsminister, og tidlegare ordførar i Fredrikstad, Jon-Ivar Nygård (Ap) seier dette til statskanalen

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit prosjekt som skal utviklast i åra som kjem. Dette er kanskje den delen av Norge kor tog verkeleg eignar seg best. Det er mange som reiser og det betyr noko i kvardagen deira.

23 milliardar

Ifølgje finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er det snakk om 23 milliardar kroner i dagens pengeverdi. Dobbeltsporet skal gi to ekstra tog i timen mellom Oslo og Fredrikstad, og fire tog i rushtida.

Les også
Nasjonal transportplan kjem 22. mars – regjeringa varslar meir vedlikehald og mindre investeringar

Opphavleg var planen eit samanhengande dobbeltspor heilt til Halden, men dette vart for dyrt. No startar ein med parsellen Råde-Fredrikstad. Samferdselsministeren kan ikkje seie når utbygginga er ferdig.

– Det tek dessverre ei lita stund før me får til dette. Me startar opp no i den første seksårsperioden, og så skal ein jo bygge ut dette. Det kjem til å gå ein del år, seier Nygård.

Støre støttar opp

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) deltok i presentasjonen av nyheita. Han seier det går litt før ein kan kome i gnag.

– Det skal bli godt planlagt, greidd ut og bygd i den planperioden me går inn i no, seier Støre.

Les også
LO pressar på for Ringeriksbanen: – Vårt viktigaste samferdselsprosjekt

Prosjektet blir prioritert høgt i Nasjonal transportplan som regjeringa legg fram fredag i neste veke.

Ringeriksbanen

Der er det mange som kjempar om pengane. Ikkje minst Ringeriksbanen som representantar for Ap har stilt som garantistar for under siste valkamp. Viken og Buskerud prioriterer Ringeriksbanen på topp, og LO og NHO i regionen jobbar hardt for å nå fram med argumenta for utbygging.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utbygginga kostar 50 milliardar.

Då samferdselsminister Jon-Ivar Nygård var ordførar i Fredrikstad gav han forkjemparane for Ringeriksbanen det glatte lag. «Det største togrøveriet i norsk historie» kalla han prioriteringa Ringeriksbanen som inneber ein times redusert reisetid på Bergensbanen mellom Oslo og Bergen.

Kva regjeringa kjem med av forslag blir kjent om ei veke.