Me kan ikkje leve med dette

Hallingdal kan ikkje leve med at Nesbyen blir ramma av skadeflaum med berre nokre tiårs mellomrom.

Heller ikkje kan me leva med uavklart skredfare i alle Hallingdalskommunane. Dei som bur skredutsett må få hjelp med å sikre eigedommane. Eller i det minste med å sikre seg sjølv. Menneske som bur utsett til treng ein fast prosedyre for evakuering, dersom nedbøren går over ei farleg grense.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen skal måtta stå aleine, i overhendig vêr, med vurderinga av om dei skal forlate heimen eller ikkje.

Nokon vil kanskje meine det er utidig å ta opp dette, all den tid oppryddinga etter uvêret «Hans» framleis pågår for fullt. Me har full respekt for at mange har meir enn nok no. Men det er viktig å ikkje la alt bli ved det gamle, berre oppryddinga er ordna.

Allereie no er tida moden for å presse på for betre løysingar på sikt. Dette presset må koma frå dei ramma. Kanaliserast inn mot lokalpolitikken, og vidare inn på riksplan. Uansett løysingar, må det til løyvingar

Nesbyen må få ei permanent løysing. Alle gode idear må vurderast. Anten det handlar om eit flaumløp i tunnel ved Bergheim, meir arbeid med løpet til Rukkedøla, eller andre tiltak.

I heile dalen vil arbeidet spenne frå sikring av bygd og bygg, til å unngå armadaen av campingvogner og rundballar som går på elva kvar gong det er flaum. Ikkje minst må mobilsambandet sikrast.

Felles for alle kommunane i Hallingdal og Nore og Uvdal er den generelle skredfaren knytt til busetnad i, eller oppunder, bratte lier. Det går heldigvis ikkje skred kvart år. Men risikoen er der, og den blir ikkje lettare å handtere av at den er knytt til regnbyger og regnvêrsområde.

Det er alltid vanskeleg å spå eksakt kvar vêret vil treffe før det brakar laus. Sett over år legg me då også merke til at hendingane med skred under nedbør fordeler seg over heile distriktet.

Risikoen for skred må difor kartleggast grundigare enn me har sett til no. Det held ikkje å lage skredkart på ein dataskjerm. Det må også til feltarbeid, som sjekkar at kartet stemmer med terrenget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Sjå korleis vatnet stoppar akkurat her: – At det bør gjerast noko, verkar innlysande

Vidare må det gjennomførast tiltak, som er tilpassa risikoen. Tiltaka vil spenne frå prosedyrar for evakuering, til bygging av fysiske flaum- og skredvern for å nemne noko. Uvêret denne gongen synte tydeleg at der det var gjennomført sikringstiltak, så vart bygningar og verdiar berga.

På sikt vil dette arbeidet også omfatte vurdering av framtidige utbyggingsområde. Dersom nedbøren aukar på, slik det er varsla, er det ikkje sikkert at det er berekraftig å bygge høgt og fritt i kvar ei li i vår del av landet.

Truleg har mange fått seg ein vekkar etter det som skjedde no på seinsommaren. Då er det viktig at vekkaren, som heldigvis ikkje kosta liv, blir omsett til konstruktiv handling.

Les også
Tunnel ved Bergheim må greiast ut