Tunnel ved Bergheim må greiast ut

Flumskader i og rundt Nesbyen er normalen. Det var verre før reguleringa, men etter den tid har også sentrum vakse seg nærare Hallingdalselva. Dermed har eksponeringa for flaum igjen auka. Den nye riksvegen, som kom samtidig med Uste-Nes reguleringa, har også bidrege til å sperre vatnet inne på feil stad.

Med flaumen fylgjer det også med eit korps av takstmenn som inntek bygda. Forsikringsoppgjer høyrest greitt nok ut, men det har sine sider.

Artikkelen held fram under annonsen.

For det fyrste så blir ikkje alt erstatta. Det er reglar knytt til både verdien av gamalt utstyr, og andre vilkår. I tillegg kjem arbeidet, og plagene, dei som blir ramma er utsett for. Det er kort og godt ikkje greitt.

Den andre sida gjeld forsikring som system. Det heile er basert på solidaritet. Både den offentlege naturskadeordninga, og dei private forsikringane er basert på at dei mange betaler for dei frå. Prinsippet bygger på både moral, samfunnssyn og religion. Den eine gongen er det deg, den andre gongen meg.

Men kva når stadig ein part blir ramma gong på gong? Det er velkjent at forsikringsselskapa stiller vilkår basert på sannsynleg risiko. I sosiale medium har me allereie sett påminningar om dette.

Les også
Gir millionsum til oppryddingsarbeid: – Veit at mange har starta eigne ryddeaksjonar

Det er feil spor. Det er viktig å ha med seg at alle dei som har bygd opp bustadhus, og bedrifter, i dei utsette delane av Nesbyen har gjort dette på lovleg vis. Det er difor ikkje ope for å straffe desse gjennom dyrare forsikring.

Me meiner at sikring av Nesbyen mot nye flaumar er eit samfunnsspørsmål. Alle moglegheiter må vurderast.

Ein av ideane som har vore framme tidlegare er tappetunnel for flaumvatn ved Bergheim. Her ligg innsnevringa i elveløpet som held att vatn til godt ovanfor Nesbyen. Me meiner ei løysing her, høyrest ut som ei sak det absolutt er verd å greie ut.

Eit anna moment er ideen om bru i staden for kulvertar der Rukkedøla passerer under riksvegen.

Eit tredje moment er å sjå nærare på manøvreringsreglane for damanlegga knytt til kraftverka. Sjølv om desse ligg høgt til fjells, og ikkje betyr like mykje ved kvar einaste flaum, så bør ein sjå på om det kan vere til hjelp å ha betre plass til styrtregn i magasina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rukkedøla sto for overraskinga denne gongen. Tiltaka som er gjort vart til hjelp, men flaumen avdekka at det er behov for enno meir, både i sentrum, og oppover i elveløpet.

Ordførar i Nes, Tore Haraldset, sa før helga til Hallingdølen at det blir viktig å jobbe med meir flaumsikring no, medan saka er varm. Det har han heilt rett i. Det er faktisk like viktig som å rydde opp etter flaumen som var.

Les også
Fryktar store nedbørsmengder kan føre til rask og stor vassføring