Me gir oss aldri på Ringeriksbanen

Lokale ordførarar frå Ap og Sp var nedstemt etter det førebels siste møtet om Ringeriksbanen. Dei lokale møtte leiar i transportkomiteen på Stortinget Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og komitemedlemmene Marte Mjøs Persen (Ap) og Jone Blikra (Ap). Også den politiske leiinga i Buskerud fylkeskommune var med på møtet, og sat mest truleg att med den same traurige kjensla.

Eg er ikkje så veldig optimistisk etter møtet, sa regionrådsordførar i Hallingdal Solveig Vestenfor (Ap). Ho reiste ikkje frå møtet med nokon positiv gnist, som ho uttrykkjer det overfor Hallingdølen. Hol-ordførar Sigrid Simensen Ilsøy (Sp) stadfestar same reaksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølen ser berre ein mogleg reaksjon etter dette møtet. Den heiter; Me gir oss aldri på Ringeriksbanen. Og for ordens skuld: Når me her skriv Ringeriksbanen så omfattar dette også både veg og bane på stell, frå Sandvika til Hønefoss.

Les også
Alarmklokkene går: Regjeringa kjem ikkje til å prioritere Ringeriksbanen i NTP

Hestehandel er heller ikkje aktuelt. Avtalen om å bytte stamveg gjennom Hallingdal med Ringeriksbane var ein slik. Det var tidenes fiasko for samferdselen i vår region. Det er difor ikkje aktuelt med ein ny runde lureri.

Me tek likevel for gitt at det endå ein gong vil bli invitert til hestehandel. Der vil det bli lokka med rask realisering dersom me godtek berre veg, eller berre bane.

Avsporing vil me kalle det. Tala på ulykker knytt til låg vegstandard på E-16 i Ringerike i Hole talar sitt klare språk. Alle taler som er haldne om satsing på skinnegåande samferdsel gjer det same. Å gje slepp på innkortinga av jernbanesambandet mellom Oslo og Bergen vil vere å gå med «fun fyri seg» inn i framtida.

Ein annan veg denne saka risikerer å ta er å bli med i programposten «Jakta på skulda». Det politiske oppgjeret om kven som har svikta.

Les også
Ringeriksbanen blir hovudoppgjeret ved neste val

Her er me i den for så vidt lukkelege situasjonen at alle dei leiande politiske partia kvar for seg ved, eitt eller fleire høve, har garantert for utbygginga. Ringeriksbanen er truleg, saman med straumkrisa, det minst velkomne valkamptemaet fram mot neste stortingsval.

Me skal bidra så godt me kan til at temaet ikkje blir gløymt. Målet må vera at ingen skal ta plass i regjeringskontora utan å ha gjeve positive truverdige og ordentlege svar på kva som skal bringe Ringeriksbanen ut av sidesporet den står på.