Dei ferskaste løfta frå Erna Solberg om Ringeriksbanen kom under Ringerikskonferansen sist veke. Her er ho saman med nyvald Høgre-ordførar i Ringerike, Runar Johansen.

Ringeriksbanen blir hovudoppgjeret ved neste val

Byggestart for Ringeriksbanen blir det heilt sentrale oppgjeret ved neste stortingsval i Buskerud. Løfta høgreleiar Erna Solberg kom med på Ringerike sist veke, knyter både henne og Ap til masta. Ingen kjem unna Ringeriksbanen. Det er eit bra teikn for oss som ventar på dette toget.

Erna Solberg seier til Hallingdølen at ho held fast ved planen om å starte bygginga av Ringeriksbanen i fyrste del av komande Nasjonal transportplan. Planen skal gjelde tiåret 2025-2036. Ei anstendig oppfylging av løftet, betyr byggestart i løpet av 2025, aller seinast i 2030.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nasjonal transportplan skal handsamast i Stortinget til våren. Høgreleiaren tek rett nok atterhald om at ho ikkje veit kva regjeringa kjem med i den komande planen, men ho er kategorisk om sitt eige, og partiet, sitt syn på saka.

Solberg garanterer at Rikeriksbanen er med i planane til Høgre. Banen skal planleggast og bygging skal startast. Ringeriksbanen har vore eit av dei store prioriterte prosjekta til Høgre, seier ho til Hallingdølen.

Samtidig meiner ho det er rart at fleire sentrale Ap-politikarar ved sist val gjekk ut og lova oppstart for fellesprosjektet med veg og bane til Ringerike. Ho meiner Ap aldri eigentleg har prioritert Ringeriksbanen, og syner til kor lite som har skjedd etter vedtaket i 1992.

Høgreleiaren gjer to ting her. For seg og partiet legg ho hovudet på blokka. Løfta vil bli hugsa, og vil blir vanskelege å koma seg unna etter ein eventuell valsiger om knapt to år. Folk hugsar enno den borgarlege feiringa av Ringeriksbanen på Sundvollen i 2015. Kakefesten som i dobbelt forstand baud på tomme kaloriar.

I tillegg spikrar Erna Solberg Arbeiderpartiet godt og grundig fast til svillene. Det vil bli tungt for Ap å drive valkamp mot Høgre i Buskerud, dersom det ikkje står noko konkret om banen i NTP-en som kjem til våren.

Begge deler er bra for alle oss som ventar på betre veg, og ny bane, mellom Bærum og Ringerike.

Samtidig kjem me også til å stusse dersom Ap let denne sjansen gå ifrå seg. Hestehandelen frå 1992, der det vart lova Ringeriksbane i byte mot stamveg via Valdres har ridd partiet som ei mare i tretti år no.

Erna Solberg skapte eit stort press på seg sjølv, og partiet med lovnadane sist veke. Men det er liten tvil om at det største presset i denne saka framleis ligg på Arbeiderpartiet.