Kva gjer Mattilsynet og styresmaktene no når det også er påvist skrantesjuke på villrein på Hardangervidda? Arkivfoto.

Kva no, Mattilsynet?

KOMMENTAR: Skyt ut villreinstamma i Nordfjella og bli kvitt skrantesjuka på villrein. Det har vore Mattilsynet sin strategi for å få bukt med skrantesjuka. Heilt til fredag. Då vart det påvist smittsam skrantesjuke på ein reinsbukk på Hardangervidda.

Nyheita slo ned som ei bombe i jakt- og forvaltningsmiljøet. Eller kanskje det er meir rett å kalle det ei «forferdeleg trist nyheit», slik Siri W. Bøthun uttrykte det. Ho er sekretær for villreinnemnda i Nordfjella. Bomber går av utan forvarsel. Skrantefunn på Vidda er ei frykt mange har hatt - lenge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Petter Braaten, som leia nedskytinga av villreinstamma i Nordfjella, er trist og seier han skjønar «kor svært dette er». Det har han rett i. Skrantesjuke på Hardangervidda er «svært» fordi det riv unna beina for strategien som vart valt med å sanere villreinstamma i Nordfjella. No må Mattilsynet begynne på nytt. Med blanke ark.

Les også
Har påvist skrantesjuke på villrein på Hardangervidda

Det har ikkje mangla debatt rundt saneringa av villreinen i Nordfjella. Styresmaktene har lytta til Mattilsynet og Veterinærinstituttet. Lokale røyster som har ropt varsku rundt det dramatiske valet med skyte ned villreinstamma, vart ikkje høyrt.

Det er på ingen måte enkelt å vite kva som har vore rett medisin. Men styresmaktene har valt den mest dristige strategien. Med stor fallhøgd og ingen veg tilbake.

Den lokale villreinforvaltninga argumenterte med å bruke lengre tid og sanke meir kunnskap, for deretter å kunne justere kursen i takt med nye funn. Det valde styresmaktene vekk.

Les også
— Dette var ei forferdeleg trist nyheit. Eg får nesten frysningar

I starten trudde ein skrantesjuka i Nordfjella var den same som i USA. Ein svært smittsam og farleg variant. I etterkant har ein funne ut at det ikkje er den same varianten som i USA. Ved nedskytinga viste det seg ut at under ein prosent av dyra var smitta - 19 av over 2500 dyr (felt i 2016, 2017 og 2018). Ein kan med andre ord stille spørsmål om kor smittsam sjukdomen faktisk er. Nokon meiner sjukdomen «alltid» har vore der, at dette handlar om naturens gang. Kanskje villreinstamma i Nordfjella faktisk var immun mot sjukdomen, at det berre er enkeltdyr som har vore mottakeleg for CWD?

Med funnet på Hardangervidda får desse synspunkt ny kraft. Dei som meiner styresmaktene bomma på strategien når dei gjekk til det drastiske steget å utrydde reinen i Nordfjella, har fått vind i segla for sitt synspunkt.

Les også
Prøve i lymfeknute avslørte skrantesjuke på Hardangervidda

Så kva gjer Mattilsynet no? Korleis forklarar dei sjukdomen på villreinen i Vinje? Kor kom smitten frå? Oppstod den i flokken eller kom den via ein fugl frå Nordfjella?

Held styresmaktene fast ved sin strategi, er 7000 villrein på Hardangervidda i fare. Det er ein absurd tanke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er «svære» greier. Vanskelege greier. Kinkige greier.

No handlar det om å puste djupt. Kan hende det ikkje er så dumt å skaffe seg kunnskap og justere kursen under vegs?