Mattilsynet stadfestar skrantesjuyke på villrein på Hardangervidda. Arkivfoto

Har påvist skrantesjuke på villrein på Hardangervidda

Det er påvist skrantesjuke (CWD) på ein villreinbukk skoten under jakt på Hardangervidda.

Det er fyrste gongen den klassiske, og smittsame, varianten av skrantesjuke er funne utanfor Nordfjella. Reinsbukken vart skoten i Vinje i Telemark.

Mattilsynet vart varsla av Veterinærinstituttet om funnet torsdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dette er alvorleg for den norske villreinbestanden, seier Ingunn Midttun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet i ei pressemelding fredag morgon.

Omfattande arbeid

Etter skrantesjuke første gong vart påvist i Norge i 2016, har myndigheitene hatt eit ambisiøst mål om å bli kvitt denne alvorlege dyresjukdommen.

Les også
— Dette var ei forferdeleg trist nyheit. Eg får nesten frysningar

— Sidan 2016 har det blitt lagt ned ein omfattande innsats av myndigheiter, jegerar, bønder, villreinforvaltning og mange andre for å hindre vidare spreiing av skrantesjuke. Dette gjer me for å sikre friske bestandar av villrein og andre hjortedyr i framtida, seier Godal.

Veit ikkje kvar smitten kjem frå

Det er ikkje kjent korleis reinsdyret har blitt smitta, altså om smitten har spreidd seg frå Nordfjella eller om reinsdyret har blitt smitta på anna vis. Sjukdommen er dødeleg for dyr, men har ikkje blitt påvist hjå menneske. Det er svært liten risiko for at sjukdommen skal smitte til menneske, men for å vere på den sikre sida, godkjenner Mattilsynet ikkje at kjøtt frå dyr som testar positivt skal etast.

Fakta om skrantesjuke

Det er avdekt minst to typar skrantesjuke-prion i Norge. Hjå villrein har sjukdommen opptedd smittsamt (klassisk skrantesjuke) i motsetning til sju tilfelle hjå elg og éin hjort kor smitta truleg har oppstått spontant hjå eldre dyr (atypisk skrantesjuke). Denne varianten blir ikkje ett på som smittsom mellom dyr. Skrantesjuke er ein dødelig prionsjukdom for hjortedyr, men er aldri påvist på menneske.

Symptom på skrantesjuke er avmagring, hyppig urinering og unormal oppførsel, f.eks. dyr som ikkke skyr menneske.

— Me forstår at mange jegerar og andre no blir bekymra. Årets jakt er godt i gang og i denne situasjonen er det ekstra viktig at jegerar fortset den utruleg viktige jobben dei gjer med å sende inn prøver, slik at me får meir kunnskap om situasjonen på Hardangervidda, seier Godal.

Kva skjer framover?

Mattilsynet har vore i kontakt med jegeren som skaut bukken. Medarbeidarar frå Mattilsynet og Miljødirektoratet, ved Statens naturoppsyn, er på veg ut til slakteplassen som ligg sentralt, sør på Hardangervidda i Vinje kommune, for å hente inn restar av dyret. Det er viktig å fjerne alle restane frå dyret som kan innehalde smitte.

Les også
Prøve i lymfeknute avslørte skrantesjuke på Hardangervidda

I Nordfjella vart heile villreinstamma avliva for å hindre utbreiing av den smittsame sjukdommen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Når me no har oppdaga eit tilfelle utanfor Nordfjella, er situasjonen ein annan, og me må vurdere kva tiltak som skal gjerast framover, seier Godal.

Omfattande kartleggingsprogram

Sidan 2016 har det blitt analysert over 100 000 prøver av hjortedyr, utan funn av denne varianten utanfor Nordfjella. Det har blitt analysert over 3 500 prøver frå Hardangervidda, 518 så langt frå årets jakt.

– Det er for tidleg å seie korleis funnet vil påverke strategien for kampen mot sjukdommen, men ønsket om å sikre friske bestandar av villrein og andre hjortedyr i framtida står fast, seier Ingunn Midttun Godal.

Les også
Kva no, Mattilsynet?

Då skrantesjuke vart oppdaga i Norge i 2016, var det det første dokumenterte tilfellet av sjukdommen hos hjortedyr i Europa. Sidan den gongen har det blitt bygd opp mykje kunnskap og kompetanse om sjukdommen i Norge.

–Ekstra viktig å ta prøver

Miljødirektoratet understrekar også alvoret etter funnet på Vidda..

– Dette er ein svært alvorleg situasjon. Villreinjakta fortset, men det er no ekstra viktig at jegerar i alle villreinområde tek prøver av felte dyr og sender desse inn for analyse, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Les også
Desse skal planlegge reetablering av villrein i Nordfjella
Les også
Nedskytinga er over