Skribenten er oppteken av at både lesevanane og lesedugleiken blant unge har blitt svekka dei siste åra. Han peiker, mellom anna, på at dette i sin tur rammar også vaksensamfunnet.

Barn med manglande leseevne og leselyst

Far min var kretsformann for skulen og hadde møteprotokollen. Bladde ein langt nok bakover, stod det under somme underskrifter «m.p.p». Det betyr «med påholden penn». Ein skrivefør hadde ført handa til han som ikkje kunne skrive namnet sitt.

Henrik sat med avisa. «Det har velta eit skip att no», sa han. Han heldt avisa opp ned. Munnleg var han ikkje i beit. Han var turistførar og kjend i fjella, men når han vart lei gnålet om namn på fjelltoppar, kom det: «Det er Hestbrepiggar alt de ser».

Han som skulle skrive under og han Henrik var begge analfabetar. I våre dagar er det ikkje mange slike her i landet. Alle får opplæring i lesing og skriving. Men ikkje alle tileignar seg lese- og skrivekunsten fullt ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein funksjonell lesar har høg grad av lese- og skrivekunne og beherskar kompliserte tekstar. Ein analfabet greier ingenting av lesing eller skriving. Mellom desse finn vi dei såkalla funksjonelle analfabetane. Dei kan berre lesa og skrive i avgrensa grad og får problem i vidare utdanning og i yrkeslivet. Livet blir fullt av vanskar. Dei er ikkje i stand til å handtere vanskelege tekstar og har betydelege problem med å uttrykke seg skriftleg. Dei kan klare å lesa einskilde ord og setningar, men er i praksis ikkje lesekunnige, for om dei greier å lesa, får dei ikkje tak i innhaldet av det dei les. Å skjøne ei brukstilvising eller korleis eit skjema skal fyllast ut, blir vanskeleg.

Uvant med lesing

I ei avis no nyleg vart det framstilt som nærast ein sensasjon at ungdomsskuleelevar likar at læraren les høgt åt dei. Det viser at det er noko som manglar, noko som har vorte borte. Det ser ut til at å lesa er så uvant at det kjennest som ein lette å bli lesen åt. Det skortar på øving. Det er så opplagt at det er banalt å seia det, men til meir ein brukar språket, munnleg og skriftleg, til dyktigare blir ein til å lesa og til betre blir ein til å bruke skriftspråket.

Det blir lese stadig mindre. Langlesing, å lesa bøker, er ikkje vanleg blant ungdom, og har ikkje vore vanleg på lang tid. Lesevanane vår er på full fart nedover. Bildet tek over for bokstavane. Skjermen tek over for boka. Det forenkla språket i meldingar på mobilen øydelegg for variert språkbruk og stort ordtilfang.

Det er blitt vanleg å meine at det finst ikkje noko som er betre enn noko anna lenger. Om du ser på TV eller om du les bøker, om du sit på baken og driv med e-sport eller driv med fysisk fostring – det er alt saman like bra. Eigenprodusert popmusikk er like interessant som klassikarane innan song og musikk. Felleskulturen vi har hatt i landet, blir rasert. Det finst inga semje om kva som er bra i kulturen vår, ganske enkelt fordi det ikkje lenger finst nokon felles stad å døme ut ifrå, ein ståstad som gjev vidt nok oversyn til å døme om kva som er bra og kva som ikkje er så bra.

Slik situasjonen har vorte, er det kvisamt å seia meininga si, men somme vågar det lell. Dei vil påstå at det er betre å lesa enn å sjå på TV, for på TV får du bodskapen ferdigmelta i form av ein straum med bilde; les du ei bok, må du ta i bruk dine eigne tankar og kjensler. Det er betre å gå ein tur i skogen enn å spela dataspel. Går du, får du både frisk luft og mosjon og friske tankar; spelar du, får du ingen av delane og blir sliten i hovudet attpåtil.

Alt som er langsamt og vakkert er under press, anten det gjeld song, høgtlesing eller handskrift i skulen – eller omsorg til dømes med opplesing på sjukeheimen. Dette vil stadig tape når det blir sett opp mot prekære behov. Og til slutt taper vi alle saman.

Tap for samfunnet

Det felleskulturelle taper, vår felles kultur blir utarma. Dei i samfunnet vårt som taper mest, er dei som ikkje har menneskelege ressursar, økonomi eller engasjement til å ta til seg bokleg lærdom.

Ein kan ottast at lesing kan bli ein subkultur. Og faktum er at det allereie er i ferd med å skje. Nedgangen i lesing har berre skrådd stadig brattare nedover. Algoritmane i digitale medium lokkar ein utpå med persontilpassa innhald og syg ein fast til skjermen. Tid som kunne vore brukt til lesing, går tapt. Stadig fleire elevar fell igjennom i skulen. Oftast gutar, ofte frå arbeidarklassa og frå innvandrarmiljø. Vi har eit skuleproblem. Vi held på å få eit samfunnsproblem med sterkare klassedeling. Kanskje ei ny underklasse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er velkjent at Steve Jobs, grunnleggjaren av Apple som gav verda iPad, nekta barna sine å bruke nettbrettet. Det var i 2012. Sidan har norske klasserom vorte fylte med iPadar.

PISA-undersøking frå 2018 om lesinga åt 15-åringar viser at 68 prosent av gutane og 48 prosent av jentene les berre når dei må. Undersøkinga i 2022 syner at prosenten som presterer på lågaste nivå har auka frå 19 til 27 sidan 2018. No vaknar regjeringa. Ein leselyststrategi skal vera klar på nyåret 2024. Vi får prøve å tru at det vil hjelpe.