Barn og skjermbruk.

Avhengig av skjermdop

To unge jenter vart intervjua på TV om mobilbruken sin. Dei fortalde at dei brukte opp til førti prosent av vakentida til å sjå på skjermen. Det høyrdest ut til å vera heilt vanleg.

Det som kjem her, er for ein del frå artiklar der lege Ole Petter Hjelle og psykolog John Petter Fagerhaug kjem med åtvaring mot overdriven skjermbruk, og med vekt på skjermbruken åt barn og unge.

Mange unge i dag er slitne. Ein grunn til det er overtydeleg: skjermdopen. Lenge hadde vi reklame for røyk og alkohol, inntil styresmaktene tok grep og gjorde reklamen ulovleg. Samfunnet sette også inn stor innsats i kampen mot dei som langa dop. Kva med dei som i våre dagar driv som langarar av skjermdop? Dei som får folk til å bli sitjande og glo på ein skjerm kanskje til langt på natt og vera trøytte og uopplagde til innsats dagen etter. «Hjerneforstoppelse» var det ei som kalla det. Kan det vera slik at så lenge det ikkje er sett aldersgrenser, reklameforbod eller andre reguleringar, så tenkjer vi at det fritt fram og utan risiko å bruke store delar av tida på å sitja framfor ein skjerm?

Artikkelen held fram under annonsen.

Krev energi

Slitne blir dei, for å bruke augo og hjerne krev energi. Hjernen har bruk for å sortere den uhorveleg store mengda inntrykk den tek inn via skjermen. Det får hjernen aldri tid til. Søvn er heilt nødvendig for at hjernen skal få ro til å sile ut det overflødige. Slitet merkar ein kanskje ikkje før det har gått over i søvnproblem, stress, angst og uro eller til og med psykiske lidingar. Til sterkare desse signala vert, til større behov får ein for å flykte inn i skjermverda, og så er den vonde sirkelen i gang med flukt inn i skjermdopen. Som med alkohol eller narkotika er det ei flukt inn i kunstig glede og moro, ei flukt bort frå den ein eigentleg er og frå det verkelege livet. Til meir energi ein brukar på nettet, til mindre energi blir att til å bruke på det verkelege. Flytter ein store delar av sitt sosiale liv over på skjermen, fjernar ein seg uvegerleg vekk frå det å vera eit menneske, eit velfungerande sosialt vesen.

Treng aktivitet

Hovudpunktet når det gjeld barn, er at dei treng mykje aktivitet, berøring og stimulering. Ein ser at til meir skjerm barn har brukt, til meir utviklingsforstyrring har dei, seier Hjelle, som har vore med og utforma tilråding frå Helsedirektoratet om barns bruk av skjerm. Forfattaren av boka Skjermslaver seier det slik: Å gje ein tiåring smarttelefon er som å gje alkohol til ein turrlagd alkoholikar og seia: Klar deg sjølv.

Her som med alt anna er det forskjell på bruk og misbruk. Å vera pålogga heile tida er ei form for misbruk. Somme vil meine at å la barn få vera tilkopla mobilen døgnet rundt, er ei form for omsorgssvikt.

Det er alt dei elles skulle brukt tid på, som også er problem. Dagleg brukar dei i snitt fire til seks timar på noko dei for ti - femten år sidan ikkje brukte tid på. Da er det klart at noko blir borte, noko viktig, noko som kan byggje opp ein personlegdom. Kor mykje tid blir det att til leik, til samtale, fysisk fostring, vanleg sosial kontakt for barn og unge viss dei sit og ser på kvar sin skjerm.

Ei bakside av skjermbruken er netthets og mobbing. Dette at når ein sit ved ein upersonleg skjerm, tillèt ein seg kanskje å uttrykkje seg på måtar ein ikkje ville gjort ansikt til ansikt. Skjermen må ikkje få erstatte fysiske møtepunkt der ein utviklar empati og sosialt samspel ved å sjå reaksjonane på det ein seier.

Styrer oss

Internasjonale skjermdop-langarar som teknologigigantane Facebook, Instagram og Snapchat veit at 95 prosent av avgjerdene vi tek, blir gjorde på autopilot, og utnyttar det. Forretningsmodellen kallast merksemdsøkonomi og er basert på nær 100 prosent overvaking og 100 prosent reklame. Dei samlar opplysningar om oss og sel dei til annonsørane og tener seg søkkrike. Smarte algoritmar blir fyra opp i den augneblinken vi tek i bruk skjermen, dei finn mønster i skjermbruken vår og jobbar for å halde oss klistra til skjermen lengst mogleg ved å ta fram meir av det dei finn vi er opptekne av. Til meir vi er på skjermen, til meir veit dei om oss.

Vi er styrte av mangel på impulskontroll i mykje større grad enn vi er klar over. I hjernen vår finst belønningshormonet dopamin som gjev oss ein gledesrus kvar gong det blir utløyst. Nettdesignarane i teknologiselskapa veit akkurat kva dei skal bruke for å gje oss den mest intense dopamin-rusen. Vi kan lett bli så avhengige at så fort vi høyrer ein pling frå mobilen, blir dopamin løyst ut og vi grip etter mobilen – og blir hekta. Hjernen vår er lat og derfor vinn den lett tilgjengelege påskjønninga frå sosiale medium over den ein får av å til dømes å lesa ei bok.

Vi treng å ta oss i vare. Vi, med hjerne som ikkje har endra seg sidan steinalderen, opp mot verdas mektigaste teknologigigantar med verdas smartaste algoritme-designarar – det kan fort bli fullstendig utklassing.

Artikkelen held fram under annonsen.