Anette Sofie Viko Flaget (t.h.) gjer seg klar til å gå modell i Hemsedal laurdag og får hjelp av moteekspert Marianne Jemtegård til å plukke ut antrekk.
Anette Sofie Viko Flaget (t.h.) gjer seg klar til å gå modell i Hemsedal laurdag og får hjelp av moteekspert Marianne Jemtegård til å plukke ut antrekk.

Stylist fann Hemsedal-stilen

– Det er kult at ein eg ser opp til og ser på TV stadfestar at kleda eg likar og synast passar til meg er fine.

Anette Sofie Viko Flaget held ei jakke i den eine handa og ein genser i den andre, og der kjem Marianne Jemtegård med endå eit plagg som hemsedølen skal ta med seg inn i prøverommet. Det er laurdag på Finbeck og Fia i Hemsedal. Jemtegård, som mellom anna er TV2s offisielle moteekspert, er i full sving med å kle opp fem lokale modellar som skal gå moteshow i klesbutikken.

Sporty og moteriktig

– Det er kult at ein eg ser opp til og ser på TV stadfestar at kleda eg likar og synast passar til meg er fine, seier Flaget før ho forsvinn for å prøve antrekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ein annan ende av butikken dansar Jemtegård lett på tå frå eitt klesstativ til det neste.

– Eg har nokre tankar i hovudet, og så improviserer eg rundt det. I Hemsedal skal antrekka vere litt meir sporty enn i Oslo, dei skal vere både bruksvennlege og fasjonable, seier ho.

– Rosa er kult, seier Ragnar Skjellet.

Han er klesbutikkens revisor. Så fort kan ein også bli modell.

– Du blir fin med rosa, nikkar Jemtegård og rekker Skjellet ei skjorte.

Silke-glam

– Eg har iallfall hatt tjue moteshow i butikken sidan eg starta for tjueto år sidan. Eg gjer det for å vise kundane alt eg har, og for at dei skal få sjå kleda på levande folk, seier Marit Anderdal.

Ho er dagleg leiar for Finbeck og Fia og har planlagt dagen med Jemtegård sidan i haust då dei to møttest under Oslo Fashion Week i Oslo.

– Familien min hadde hytte i Lykkja tidlegare, seier Jemtegård, – men så har eg ikkje vore her skikkeleg på ti år. Det er moro å vere tilb- ... Oi, den er kjempefin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho drar fram ein blå genser.

– God kvalitet, mykje herleg strikk – det er ein look som passar perfekt til Hemsedal. I halsen kan du bruke eit silkeskjerf som tilfører litt glam i kvardagen utan å bli for tungt og varmt, tipsar ho og rekkjer genseren til May-Helen Markegård.

– Eg synast ikkje det er skummelt å gå modell, seier Markegård. – Mange seier nei, men eg vil hjelpe til. Og mannen min påstår at halve løna mi går til å handle i denne butikken, så ... smiler ho.